Josva 12 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Kongane som israelittane vann over

1Dette er kongane i landet som israelittane vann over, dei som rådde over landet som israelittane tok i eige på den andre sida av Jordan, på austsida, frå Arnon-elva til Hermon-fjellet, heile austsida av Araba-sletta:

2og over Jordan-dalen, opp til austsida av Kinneret-sjøen og ned til austsida av Araba-sjøen – som blir kalla Saltsjøen – bort imot Bet-Jesjimot, og sørover nedst i Pisga-skråningane.

45 Mos 1,4; 3,1ffVidare området til Og, kongen i Basan, ein av dei som var att av refaittane. Han hadde sete i Asjtarot og Edre'i

5og rådde over Hermon-fjellet, Salka og heile Basan, til grensa mot gesjurittane og maakatittane, og over halve Gilead, til grensa mot Sihon, kongen i Hesjbon.

64 Mos 32,33; 5 Mos 3,12Moses, Herrens tenar, og israelittane hadde vunne over desse kongane, og Moses, Herrens tenar, hadde gjeve landet i eige til rubenittane og gadittane og halvparten av stammen til Manasse.

7Dette er kongane i landet som Josva og israelittane vann over på vestsida av Jordan. Landet frå Baal-Gad i Libanon-dalen til snaufjellet som stig opp mot Se'ir gav Josva Israel-stammane til eige. Kvar stamme fekk sin del,

8i fjellandet, i låglandet og på Araba-sletta, i skråningane, i ørkenen og Negev, i landet til hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane.

Kongane var:

9kongen i Jeriko, éin, kongen i Ai ved Betel, éin,

10kongen i Jerusalem, éin, kongen i Hebron, éin,

11kongen i Jarmut, éin, kongen i Lakisj, éin,

12kongen i Eglon, éin, kongen i Geser, éin,

13kongen i Debir, éin, kongen i Geder, éin,

14kongen i Horma, éin, kongen i Arad, éin,

15kongen i Libna, éin, kongen i Adullam, éin,

16kongen i Makkeda, éin, kongen i Betel, éin,

17kongen i Tappuah, éin, kongen i Hefer, éin,

18kongen i Afek, éin, kongen i Saron, éin,

19kongen i Madon, éin, kongen i Hasor, éin,

20kongen i Sjimron-Meron, éin, kongen i Aksjaf, éin,

21kongen i Taanak, éin, kongen i Megiddo, éin,

22kongen i Kedesj, éin, kongen i Jokneam ved Karmel, éin,

23kongen i Dor på Dor-høgda, éin, kongen over folka i Galilea, éin,

24kongen i Tirsa, éin, i alt trettiein kongar.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help