1 For Herren er harm på alle folk,
han er vreid på heile deira hær.
Han har slege dei med bann
og gjeve dei over til slakting.
3 Oppløyst blir heile himmelhæren,
som ein bokrull blir himmelen rulla saman.
Heile hans hær skal visna
som lauvet på vinstokken visnar
og frukta på fikentreet skrumpar inn.
5For sverdet mitt
har drukke seg utørst i himmelen,
no fer det ned over Edom
til dom over folket eg slår med bann.
6 Herren har eit sverd
fullt av blod,
det dryp av feitt,
av blod frå lam og bukkar,
av nyrefeitt frå vêrar.
Det er offerslakting for Herren i Bosra,
stor nedslakting i Edom.
7Saman med dei skal villoksar falla,
unge stutar og sterke oksar.
Jorda skal drikka seg utørst av blod
og støvet gjødslast med feitt.
8 Hyenar og ørkendyr møtest,
bukkar kallar på kvarandre.
Lilit slår seg òg til ro der
og finn seg ein kvilestad.
15Små ugler byggjer reir
og legg sine egg der,
rugar og klekkjer dei ut i skuggen.
Falkane samlast der med kvarandre.
16 Jos 23,14ff; Jes 13,20ff Sjå etter i Herrens bok og les!
Ikkje éin av desse skal mangla,
ingen skal leita etter dei andre.
For Herrens munn har gjeve påbodet,
det er hans Ande som samlar dei,
17og det er han som har kasta lodd for dei.
Med målesnor i handa
deler han landet mellom dei.
Dei skal ta det i eige til evig tid
og bu der frå slekt til slekt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.