1 Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein salme av Asaf. Ein song.
2Gud, vi prisar og takkar deg.
Vi kallar på ditt namn
og fortel om dine underfulle verk.
3
5 Eg sa til dei som skryter: «Skryt ikkje!»
og til dei urettferdige: «Kneis ikkje med horna!
6Lyft ikkje horna mot det høge,
gjer ikkje nakken bratt og talen frekk!»
7For i aust og i vest og i ørkenen
er det er ingen som kan reisa opp.
8 1 Sam 2,7f Men det er Gud som dømmer.
Éin bøyer han ned, og éin reiser han opp.
9 60,5+ Herren har eit beger i handa
med skummande, krydra vin.
Han skjenkjer i av vinen,
og alle urettferdige på jorda må drikka,
jamvel botnfallet må dei tømma.
10Eg vil alltid fortelja om dette,
spela og syngja for Jakobs Gud.
11«Eg høgg av kvart horn på dei lovlause,
men dei rettferdiges horn skal få kneisa.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.