1Då alt folket var kome over Jordan, sa Herren til Josva:
2«Sei til prestane som ber kista med vitnemålet, at dei skal stiga opp frå Jordan.»
17Og Josva baud prestane: «Stig opp frå Jordan!»
18Det var den tiande dagen i den første månaden at folket steig opp frå Jordan. Dei slo leir i Gilgal, ved austgrensa for Jeriko.
20Dei tolv steinane som dei hadde teke med seg frå Jordan, reiste Josva i Gilgal,
21og han sa til israelittane: «Når borna dykkar i morgon spør fedrane sine: Kva tyder desse steinane?
22skal de forklara det for borna og seia: Her gjekk israelittane over Jordan på tørt land.
232 Mos 14,21f
Herren dykkar Gud tørka ut vatnet i Jordan for dykk til de hadde gått over, slik Herren dykkar Gud gjorde med Sivsjøen, som han tørka ut for oss til vi var komne over.24Det gjorde han for at alle folk på jorda skal skjøna at Herrens hand er sterk, og for at de alle dagar skal frykta Herren dykkar Gud.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.