Høgsongen 1 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1Songen over songane, av Salomo.

Ho

2 Å, om han ville kyssa meg

med kyss av sin munn!

Kjærleiken din er betre enn vin.

3Angen av oljane dine er herleg,

namnet ditt blir aust ut som olje.

Difor likar jentene deg.

4Ta meg med! Lat oss springa!

Kongen har ført meg inn i sine rom.

Lat oss jubla og gleda oss over deg,

lat oss prisa din kjærleik høgare enn vin.

Med rette likar dei deg.

5 Svart er eg, men søt,

de Jerusalems døtrer,

svart som Kedars telt,

som Salomos teltdukar.

6 Sjå ikkje på at eg er så svart,

at sola har brent meg.

Sønene til mor mi var harde mot meg,

dei sette meg til å vakta vinmarkene.

Mi eiga vinmark har eg ikkje vakta.

7Sei meg, du som eg elskar, kvar gjeter du?

Kvar kviler du ved middagstid?

Kvifor skulle eg gå som ei kvinne med slør

der venene dine gjeter sauene?

Han

8Om du ikkje veit det,

du vakraste av kvinner,

følg spora etter flokken

og gjet kjea dine

innmed gjetarhyttene!

9Eg vil likna deg med ei hoppe

mellom faraos vogner, mi kjære.

10Fine er kinna dine mellom perlesnorene,

halsen din med kjede rundt.

11Snorer av gull skal vi laga deg,

med sølvperler på.

Ho

12 Når kongen er hos meg,

angar nardussalven min.

13 Kjærasten min er ein myrrakvist,

han overnattar mellom brysta mine.

14 Kjærasten min er ein klase hennablomar

på En-Gedis vinmarker.

Han

15 2,14; 4,1; 5,12 Så vakker du er, mi kjære!

Så vakker du er! Auga dine er duer!

Ho

16Så vakker du er, kjærasten min, så god,

og vårt leie så grønt!

17Sedrar er bjelkar i vårt hus,

sypressar er tak og himling.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help