Dommarane 1 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Israel tek Kanaan

1 Etterkomarane av kenitten som var svogeren til Moses, drog med judearane opp frå Palmebyen til Juda-ørkenen ved Negev Arad og busette seg blant folket der.

17Juda gjekk med Simon, bror sin, og dei slo kanaanearane som budde i Sefat. Dei slo byen med bann og øydela han; difor kalla dei han Horma.

18Så tok Juda Gaza med landet omkring, Asjkalon med landet omkring og Ekron med landet omkring.

19Jos 17,16; Dom 4,3

Herren var med Juda, og dei tok fjellområda. Men dei greidde ikkje å driva bort dei som budde på sletta, for dei hadde jernvogner.

20 4 Mos 14,24; Jos 14,12f Dei gav Hebron til Kaleb, slik som Moses hadde sagt, og han dreiv dei tre anakittane bort derifrå.

21Jos 15,63Men benjaminittane dreiv ikkje bort jebusittane som budde i Jerusalem, og jebusittane bur saman med benjaminittane i Jerusalem den dag i dag.

22Josef-stammane drog òg ut mot Betel, og Herren var med dei.

231 Mos 28,19Dei sende folk til å utforska Betel. Byen heitte før Lus.

24Dei som var ute og undersøkte, fekk sjå ein mann koma ut frå byen. Dei sa til han: «Syn oss no kvar vi kan ta oss inn i byen, så skal vi spara deg!»

25Jos 6,25Han viste dei kvar dei kunne koma inn, og dei slo byen med sverd. Men mannen og heile familien hans lét dei gå.

26Mannen drog til hetittlandet. Der bygde han ein by som han kalla Lus, og det heiter byen den dag i dag.

27 Jos 17,11f Manasse dreiv ikkje bort folket i Bet-Sjean og Taanak med småbyane som høyrde til, heller ikkje innbyggjarane i Dor, Jibleam og Megiddo med småbyane deira. Kanaanearane greidde å halda seg i dette landet.

28Jos 17,13Då israelittane vart sterkare, sette dei kanaanearane til tvangsarbeid, men fordreiv dei ikkje heilt.

29 Jos 16,10 Efraim dreiv ikkje ut kanaanearane som budde i Geser. Kanaanearane vart buande iblant dei der.

30Sebulon dreiv ikkje bort innbyggjarane i Kitron og Nahalol. Kanaanearane vart buande mellom dei, men dei måtte gjera tvangsarbeid.

31Asjer dreiv ikkje ut innbyggjarane i Akko og Sidon, heller ikkje innbyggjarane i Ahlab, Aksib, Helba, Afik og Rehob.

32Ettersom dei ikkje hadde drive ut kanaanearane som heldt til i landet, busette Asjer seg mellom dei.

33Naftali dreiv ikkje ut innbyggjarane i Bet-Sjemesj og Bet-Anat. Dei busette seg blant kanaanearane som heldt til der i landet. Men innbyggjarane i Bet-Sjemesj og Bet-Anat måtte gjera tvangsarbeid for dei.

34Amorittane trengde danittane opp i fjellet og lét dei ikkje få koma ned på sletta.

35Amorittane greidde å bli buande i Har-Heres, Ajjalon og Sjaalbim. Men då Josefs hus fekk overtaket, måtte dei gjera tvangsarbeid.

36Grensa til amorittane gjekk frå Akrabbim-skardet og vidare oppover frå Sela.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help