1Då Jesus hadde halde denne talen til folket, gjekk han inn i Kapernaum.
2Ein offiser der i byen hadde ein tenar som han sette svært høgt. Denne tenaren var så sjuk at det stod om livet.
3Då offiseren fekk høyra om Jesus, sende han nokre av dei jødiske eldste til han; dei skulle be han koma og berga livet til tenaren.
4Då dei kom til Jesus, bad dei han inderleg og sa: «Han fortener at du gjer dette for han.
5For han elskar folket vårt, og det er han som har bygd synagogen vår.»
6Og Jesus gjekk med dei.
Men då han ikkje hadde langt att til huset, sende offiseren nokre av venene sine til han med bod: «Herre, gjer deg ikkje meir bry! Eg er ikkje verd at du kjem inn under mitt tak
7– difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men sei berre eit ord, så blir tenesteguten min lækt.
8For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til ein av dei: ‘Gå!’ så går han, og til ein annan: ‘Kom!’ så kjem han, og til tenaren min: ‘Gjer dette!’ så gjer han det.»
9Då Jesus høyrde det, undra han seg. Han vende seg til folket som følgde han, og sa: «Det seier eg dykk: Ikkje eingong i Israel har eg funne ei slik tru.»
10Då dei som var utsende, kom heim att, fann dei tenaren frisk.
Jesus vekkjer opp sonen til enkja i Nain11Kort tid etter gav Jesus seg i veg til ein by som heiter Nain. Læresveinane og mykje folk var med han.
12Då han nærma seg byporten, vart ein død boren til grava. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne.
13Då Herren såg enkja, fekk han inderleg medkjensle med henne og sa: «Gråt ikkje!»
14Dette ordet om han spreidde seg i heile Judea og landet omkring.
Jesus svarar døyparen Johannes(Matt 11,2–6)18Johannes fekk høyra om alt dette av læresveinane sine. Då kalla han to av dei til seg
19og sende dei til Herren og bad dei spørja: «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»
20Mennene kom då til Jesus og sa: «Døyparen Johannes sender oss til deg og spør: Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»
21Nett då lækte Jesus mange for sjukdomar og plager og vonde ånder, og han gav mange blinde synet.
22
døde står opp, og evangeliet blir forkynt for fattige.
23Og sæl er den som ikkje fell ifrå på grunn av meg.»
Jesus vitnar om Johannes(Matt 11,7–19)24Då bodberarane frå Johannes var gått, tala Jesus til folket om Johannes: «Kva gjekk de ut i øydemarka for å sjå? Eit sivstrå som svaiar i vinden?
25Nei! Kva gjekk de ut for å sjå? Ein mann kledd i fine klede? Dei som er staseleg kledde og lever i overflod, held til i slotta sine.
26Men Visdomen har fått rett, det stadfester alle borna hennar.»
Kvinna som fekk syndene sine tilgjevne36Ein av farisearane bad Jesus eta hos seg. Og han gjekk inn i huset til farisearen og tok plass ved bordet.
37No var det ei kvinne der i byen som levde eit syndefullt liv. Då ho fekk vita at Jesus låg til bords hos farisearen, kom ho dit med ei alabastkrukke med dyr salve.
38Jesus sa: «To menn stod i skuld til ein som lånte ut pengar. Den eine var skuldig fem hundre denarar, den andre femti.
42Men då dei ikkje hadde noko å betala med, ettergav han dei begge skulda. Kven av dei vil halda mest av han?»
43«Den han ettergav mest, tenkjer eg», svara Simon. «Du har rett», sa Jesus.
44Du salva ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føtene mine med velluktande salve.
47Difor seier eg deg: Dei mange syndene hennar er tilgjevne, difor har ho vist stor kjærleik. Men den som får tilgjeve lite, elskar lite.»
485,20Så sa han til kvinna: «Syndene dine er tilgjevne.»
49Då tok dei andre gjestene til å tenkja med seg: «Kven er han, som jamvel tilgjev synder?»
50Matt 9,22; Mark 5,34; 10,52; Luk 8,48; 17,19; Apg 3,16; 16,31Men Jesus sa til kvinna: «Trua di har frelst deg. Gå i fred!»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.