1 Abner, son til Ner, som var hærføraren til Saul, tok Isjbosjet, son til Saul, og førte han til Mahanajim.
9Der gjorde han Isjbosjet til konge over Gilead, Asjer og Jisreel, over Efraim og Benjamin, ja, over heile Israel.
10Isjbosjet, son til Saul, var førti år gammal då han vart konge over Israel, og han styrte i to år. Det var berre Judas hus som heldt seg til David.
11I sju år og seks månader var David konge over Judas hus i Hebron.
12Abner, son til Ner, braut opp frå Mahanajim med mennene til Isjbosjet, son til Saul, og drog til Gibeon.
13Joab, son til Seruja, og mennene til David drog òg ut. Dei møttest ved Gibeon-dammen og slo seg ned på kvar si side av dammen.
14Då sa Abner til Joab: «Skal vi ikkje la nokre unge menn koma fram og halda våpenleik for oss?» «Jau, lat dei det», svara Joab.
15Så reiste dei seg og gjekk fram. Det var tolv i talet frå kvar side, tolv frå Benjamin, av mennene til Isjbosjet, son til Saul, og tolv av mennene til David.
16Dei greip kvarandre i hovudet og stakk sverdet i sida på kvarandre, og slik fall dei alle saman. Sidan har denne staden vore kalla Helkat-Hassurim, «Sverdegg-marka». Ho ligg ved Gibeon.
17Den dagen vart det ein veldig kamp. Abner og israelittane vart slegne av mennene til David.
18Abner og mennene hans gjekk over Araba-sletta heile natta. Dei sette over Jordan og gjekk gjennom fjellkløfta til dei kom fram til Mahanajim.
30Då Joab hadde halde opp med å forfølgja Abner, samla han krigsfolket. Forutan Asael mangla det nitten av mennene til David.
31Men Davids menn hadde drepe tre hundre og seksti benjaminittar av Abners krigsfolk.
32Dei tok Asael med seg og gravla han i grava til far hans i Betlehem. Joab og mennene hans gjekk heile natta og kom til Hebron då det grydde av dag.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.