1Du skal stemma i ei likklage over fyrstane i Israel
2og seia:
Kva var mor di?
Ei løvinne mellom løver.
Ho låg mellom ungløver, ho fostra ungane sine.
3 Ho alte opp ein av ungane,
ei ungløve vart han.
Han lærte å riva sund bytte,
han åt opp menneske.
4 Ho såg at ho venta forgjeves,
håpet var ute.
Då tok ho ein annan unge,
ho gjorde han til ungløve.
6Han gjekk der mellom løver,
og ei ungløve vart han.
Han lærte å riva sund bytte,
han åt opp menneske.
7Han øydela borgene
og la byane i ruinar.
Landet og alt som fanst der,
stivna av skrekk ved lyden av brøla hans.
8Folk frå landa omkring
sette då ut sine garn.
Dei spreidde dei ut over han,
og han vart fanga i fallgrava deira.
9 Mor di var som ein vinstokk i hagen din,
planta attmed vatn.
Han var rik på frukt og fekk mange greiner,
for han fekk godt med vatn.
11Greinene vart så sterke
at dei kunne brukast til herskarstavar.
Høgt voks han, opp mellom skyene,
lett synleg fordi han var så høg
og hadde så mange greiner.
12Men han vart riven opp i harme
og kasta til jorda.
Austavinden tørka ut frukta.
Dei sterke greinene
vart rivne av og visna,
elden åt dei.
13No er han planta i ørkenen,
i det tørre, tørstande landet.
14 2 Kong 24,20; 25,1ff Eld gjekk ut frå ei grein
og åt kvistene og frukta.
Det finst ikkje lenger ei sterk grein
som kan vera herskarstav.
Dette er ei likklage, og likklage har det vorte.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.