2. Mosebok 34 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Herren fornyar pakta med folket

1 Gjev akt på det eg pålegg deg i dag! Sjå, eg vil driva ut for deg amorittane, kanaanearane, hetittane, °girgasjittane•, perisittane, hevittane og jebusittane.

12Ta deg i vare så du ikkje gjer ei pakt med dei som bur i det landet du kjem til, så dei ikkje fangar deg i ei felle.

13De skal riva ned altara deira og slå sund steinstøttene, og Asjera-pålane skal de hogga ned.

14Det beste av førstegrøda frå jorda di skal du koma med til Herren din Guds hus. Du skal ikkje koka eit kje i mjølka frå mora.

27 Herren sa til Moses: «Skriv ned desse orda, for etter desse orda gjer eg ei pakt med deg og Israel.»

2834,1; 5 Mos 10,4Moses var hos Herren i førti dagar og førti netter, og han smaka korkje mat eller drikke. Og han skreiv paktorda, dei ti boda, på tavlene.

29Så gjekk Moses ned frå Sinai-fjellet; han hadde vitnemålet, dei to tavlene, i hendene då han gjekk ned frå fjellet. Moses visste ikkje at det stråla av andletet hans fordi Herren hadde tala med han.

30Aron og israelittane såg at det stråla av andletet hans, og dei var redde for å koma nær han.

31Men Moses ropa på dei, og då kom Aron og alle leiarane i forsamlinga til han, og han tala til dei.

32Sidan kom alle israelittane til han, og Moses bar fram alle dei boda Herren hadde gjeve han på Sinai-fjellet.

332 Kor 3,7.13Då Moses var ferdig med å tala med dei, la han eit slør over andletet sitt.

34Men kvar gong han gjekk fram for Herrens andlet for å tala med han, tok han sløret bort til han skulle ut att. Og når han kom ut, tala han til israelittane om det som var sagt han føre.

35Då såg israelittane korleis det stråla av andletet hans, og Moses la sløret over andletet att til han skulle inn og tala med Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help