1
5
6Difor skal alle trugne
be til deg i tider med trengsle.
Om det kjem ein veldig flaum,
skal vatnet ikkje nå dei.
7Du skjermar meg,
du vernar meg mot naud,
med frelsejubel omgjev du meg. Sela
8 25,12; Jes 48,17 Eg vil gjera deg vis og læra deg
den vegen du skal gå,
eg vil la mitt auge kvila på deg
og gje deg råd.
9 2 Kong 19,28; Ordt 26,3 Ver ikkje lik hest og muldyr, utan vit!
Deira prydnad er taum og beksel til å tvinga dei med,
elles kjem dei ikkje til deg.
10 34,22; Ordt 12,21 Den urettferdige har mange plager,
men den som set si lit til Herren,
kransar han med miskunn.
11 30,5+; Jes 61,10; Hab 3,18; Fil 4,4 Gled dykk i Herren og jubla, de rettferdige!
Bryt ut i fagnadrop, alle de ærlege av hjartet!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.