1 Når det gjeld det å eta slike avgudsoffer, veit vi at det ikkje finst nokon avgud i verda, og at det ikkje finst nokon Gud utan éin.
5Rett nok finst det såkalla gudar, både i himmelen og på jorda, ja, det er mange gudar og mange herrar.
6 Men det er ikkje alle som har denne kunnskapen. Somme et framleis dette kjøtet som avgudsoffer fordi dei har vore vane med å dyrka avgudane. Så blir samvitet deira ureint fordi det er så veikt.
8For dersom nokon ser at du som har kunnskap om dette, ligg til bords i eit avgudshus, blir ikkje då samvitet til den veike liksom oppbygd, så han et offerkjøt?
11Rom 14,15.20fDå går den veike fortapt på grunn av din kunnskap, ein bror som Kristus døydde for.
12Men når de på denne måten syndar mot syskena dykkar og sårar det veike samvitet deira, då syndar de mot Kristus sjølv.
13Rom 14,13.21Difor: Dersom mat fører bror min eller syster mi til fall, då vil eg aldri i æva eta kjøt! For eg vil ikkje føra dei til fall.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.