1. Krønikebok 13 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Då paktkista skulle hentast

1 Så samla David heile Israel frå Sjihor i Egypt til Lebo-Hamat for å føra Guds paktkiste opp frå Kirjat-Jearim.

6Saman med alle israelittane drog David til Baala, til Kirjat-Jearim, i Juda. Der ville han henta paktkista til Gud, kista som Herrens namn blir ropa ut over, han som tronar over kjerubane.

7Dei sette paktkista på ei ny vogn og førte henne frå Abinadabs hus. Det var Ussa og Ahjo som køyrde vogna.

8David og heile Israel dansa og leika av all kraft for Guds andlet, og dei song til tonar frå lyrer og harper, trommer, symbalar og trompetar.

9Men då dei kom til treskjevollen til Kidon, rette Ussa ut handa for å ta tak i paktkista fordi oksane var ustyrlege.

10Då vart Herren brennande harm på Ussa. Han slo han fordi han hadde rett ut handa mot paktkista, og han døydde der for Guds andlet.

11David var opprørt over Herrens plutselege utfall mot Ussa. Han kalla den staden Peres-Ussa, som han heiter den dag i dag.

12Den dagen vart David gripen av frykt for Gud og sa: «Korleis skulle eg kunna føra Guds paktkiste heim til meg?»

13Difor flytte han ikkje paktkista opp til seg i Davidsbyen, men sette henne i huset til Obed-Edom frå Gat.

14Der vart Guds paktkiste ståande i tre månader. Og Herren velsigna Obed-Edom sitt hus og alt det som høyrde han til.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help