1. Mosebok 37 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Josef og brørne hans

1 Mannen sa: «Dei er farne herifrå, for eg høyrde at dei sa: Kom, vi dreg til Dotan!» Då gjekk Josef etter brørne sine og fann dei i Dotan.

18Dei såg han på lang avstand, og før han kom fram, la dei planar om å ta livet hans.

19Dei sa seg imellom: «Sjå, der kjem denne stordrøymaren.

20Kom, vi drep han! Vi kastar han i ein av brønnane og seier at eit rovdyr har ete han opp. Så skal vi sjå kva det blir av draumane hans.»

21 Nokre kjøpmenn frå Midjan kom framom, og dei drog Josef opp frå brønnen. Dei selde Josef for tjue sjekel sølv til ismaelittane. Og dei tok han med seg til Egypt.

29 Då Ruben kom til brønnen igjen og fekk sjå at Josef ikkje var der, reiv han sund kleda sine.

30Han gjekk tilbake til brørne og sa: «Guten er borte. Kvar skal eg no gjera av meg?»

31Då tok dei kjortelen til Josef, slakta ein geitebukk og dyppa kjortelen i blodet.

32Den fine kjortelen sende dei til faren og sa: «Denne har vi funne. Sjå etter om det ikkje er kjortelen til son din.»

33Han såg etter og sa: «Det er kjortelen til son min. Eit rovdyr har ete han opp, Josef har vorte ihelriven!»

34Og Jakob reiv sund kleda sine, batt sekkestrie kring hoftene og sørgde over son sin i lange tider.

35Alle sønene og døtrene kom og ville trøysta han, men han var ikkje til å trøysta. «Med sorg skal eg fara ned til son min i dødsriket», sa han. Og faren gret over son sin.

36Men midjanittane selde Josef i Egypt, til Potifar, som var hoffmann hos farao og sjef for livvakta.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help