1 Den tredje dagen kom det ein mann frå Sauls leir med sundrivne klede og med jord på hovudet. Då han kom fram til David, kasta han seg til jorda og hylla han.
3David spurde han: «Kvar kjem du frå?» Han svara: «Frå Israelsleiren, eg slapp unna.»
4Då sa David til han: «Fortel meg kva som har hendt!» Han svara: «Folket flykta frå slaget, og mange av dei fall og mista livet. Saul og Jonatan, son hans, er òg døde.»
5David spurde ungguten som fortalde dette: «Korleis veit du at Saul og Jonatan, son hans, er døde?»
6og han baud at Juda-folket skulle læra denne klaga. Ho blir kalla «Bogen» og er oppskriven i «Boka til den rettvise»:
19Din prydnad, Israel,
ligg drepen på haugane dine.
Falne er krigarane!
20Kunngjer ikkje dette i Gat,
meld ikkje dette på gatene i Asjkalon!
Filistardøtrene ville gleda seg,
døtrene til dei uomskorne jubla.
21 De Gilboa-fjell,
gjev det aldri må falla
dogg eller regn på dykk,
gjev markene aldri må bera førstegrøde!
For der låg tilsølte krigarskjold,
Sauls skjold var ikkje smurt med olje.
22Utan blod av falne, utan feitt av krigarar
vende aldri Jonatans boge attende
eller Sauls-sverdet umetta heim.
23Saul og Jonatan,
elska og avhaldne i live,
døden skilde dei ikkje åt.
Raskare var dei enn ørnar,
sterkare var dei enn løver.
24Israels døtrer, gråt over Saul,
som kledde dykk fagert i purpur
og prydde dykkar klede med gull!
25Falne er krigarane, falne i kamp!
Jonatan ligg drepen på haugane dine.
26 1 Sam 18,3 Eg sørgjer over deg,
Jonatan, min bror!
Inderleg var du meg kjær.
Din kjærleik var meg meir underfull
enn kvinners kjærleik.
27Falne er krigarane,
krigsvåpna øydelagde!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.