2. Krønikebok 27 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Jotams styre

1 Det var Jotam som bygde Øvreporten i Herrens hus, og han bygde òg mykje på Ofel-muren.

4Han førte krig mot kongen til ammonittane og vann over dei. Ammonittane laut gje han hundre talentar sølv, ti tusen kor kveite og ti tusen kor bygg det året. Det same laut dei gje han andre og tredje året.

6Slik styrkte Jotam stillinga si fordi han var stø i si ferd for Herren sin Guds andlet.

7Det som elles er å seia om Jotam, om alle krigane hans og alt han gjorde, står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane.

8Han var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år.

9Så gjekk Jotam til kvile hos fedrane sine. Dei gravla han i Davidsbyen. Ahas, son hans, vart konge etter han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help