Esekiel 20 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Guds lovnader og Israels ulydnad

1 Det var i det sjuande året, på den tiande dagen i den femte månaden. Nokre av dei eldste i Israel kom for å søkja råd hos Herren, og dei sette seg framfor meg.

2Då kom Herrens ord til meg:

3Menneske, tal til Israels eldste og sei til dei: Så seier Herren Gud: Kjem de hit og søkjer råd hos meg? Så sant eg lever, seier Herren Gud, eg lèt ikkje dykk spørja meg om råd.

4Når de kjem med gåver og lèt borna dykkar gå gjennom elden, blir de enno i dag ureine ved alle avgudane. Og så skulle de få spørja meg til råds, de israelittar! Så sant eg lever, seier Herren Gud, eg lèt ikkje dykk spørja meg til råds.

Herren skal dømma og reinsa Israel

32Det skal aldri henda, det som stig opp i hugen dykkar når de seier: «Vi vil vera som folkeslaga, som slektene i landa, og dyrka stokk og stein.»

33Nei! Så sant eg lever, seier Herren Gud: Eg skal herska over dykk med sterk hand og strak arm og ausa ut min harme.

34Eg skal føra dykk ut frå folka og samla dykk frå landa der de er spreidde, med sterk hand og strak arm, og ausa ut min harme.

35Så fører eg dykk ut i ørkenen til folka, og der skal eg fella dom over dykk, andlet til andlet.

364 Mos 14,21ffSlik som eg felte dom over fedrane dykkar i ørkenen ved Egypt, slik skal eg fella dom over dykk, seier Herren Gud.

373 Mos 27,32Eg lèt dykk gå under herskarstaven og fører dykk inn i smeltedigelen.

38Eg skil ut frå dykk dei som er trassige og gjer opprør mot meg. Eg fører dei bort frå landet der dei held til som framande, men til Israels-landet skal dei ikkje få koma. Då skal de kjenna at eg er Herren.

39De israelittar, så seier Herren Gud: Kvar og ein kan berre gå og dyrka avgudane sine! Men sidan skal de verkeleg høyra på meg og aldri meir vanhelga mitt heilage namn med offergåvene og avgudane dykkar.

40Jes 56,7For på mitt heilage fjell, på det høgaste fjellet i Israel, skal heile Israels hus tena meg, alle som er i landet, seier Herren Gud. Der skal eg visa dei godvilje, og der skal eg spørja etter offergåvene og førstegrøda som de ber fram, alle dei heilage gåvene dykkar.

41For den gode offerangen si skuld vil eg visa godvilje når eg fører dykk ut frå folka og samlar dykk frå landa der de no er spreidde. Gjennom dykk viser eg meg heilag framfor auga på folkeslaga.

42De skal kjenna at eg er Herren når eg fører dykk til Israels land, det landet som eg med lyft hand lova å gje fedrane dykkar.

4316,61+Der skal de minnast korleis de gjekk fram og alt de gjorde og vart ureine ved. De skal avsky dykk sjølve fordi de gjorde så mykje vondt.

44De skal kjenna at eg er Herren når eg handlar slik med dykk for mitt namn skuld, Israels hus, og ikkje gjev dykk att for dykkar vonde ferd og øydeleggjande gjerningar, seier Herren Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help