1 Dessutan leigde han hundre tusen djerve krigarar frå Israel for hundre talentar sølv.
7Då kom ein gudsmann til han og sa: «Konge, lat ikkje Israels-hæren dra med deg! For Herren er ikkje med israelittane, ikkje med nokon av Efraim-sønene.
8Dra ut på eiga hand og gå modig i krigen! Elles vil Gud la deg falla for fienden. For Gud har makt både til å hjelpa og til å fella.»
9Amasja spurde gudsmannen: «Kva så med dei hundre talentane som eg har gjeve til troppane frå Israel?» Gudsmannen svara: «Herren kan gje deg meir enn det!»
10Då skilde Amasja ut troppane som var komne til han frå Efraim, og lét dei fara heim att. Dei vart brennande harme på judearane og vende heim i fullt sinne.
11 Amasja styrkte stillinga si. Så førte han hæren sin til Saltdalen. Der slo han ned ti tusen mann frå Se'ir,
12og judearane tok ti tusen levande til fange. Dei førte dei opp på toppen av ein fjellknaus og støytte dei ned derifrå så dei vart knuste, alle saman.
13Men troppane som Amasja hadde sendt heim att så dei ikkje fekk dra med han i krig, plyndra byane i Juda frå Samaria til Bet-Horon. Der slo dei ned tre tusen mann og tok stort bytte.
Amasjas fråfall og nederlag14 Juda-kongen Amasja, son til Joasj, son til Joahas, vart teken til fange i Bet-Sjemesj av Joasj, Israels konge, og ført til Jerusalem. Der reiv Joasj ned fire hundre alner av bymuren, frå Efraim-porten til Hjørneporten.
24Så tok han alt gullet og sølvet og alt utstyret som fanst i Guds hus, hos Obed-Edom og i skattkammera i kongeborga, dessutan gislane. Så vende han attende til Samaria.
25Juda-kongen Amasja, son til Joasj, levde femten år etter at Israels-kongen Joasj, son til Joahas, var død.
26Det som elles er å seia om Amasja, frå først til sist, står skrive i boka om Juda- og Israels-kongane.
27Så førte dei han til Jerusalem på hesteryggen, og han vart gravlagd hos fedrane sine i Juda-byen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.