1. Mosebok 4 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Kain og Abel

1 Mannen var saman med Eva, kvinna si. Ho vart med barn og fødde Kain. Då sa ho: «Eg har bore fram ein mann ved Herrens hjelp.»

2Sidan fødde ho Abel, bror hans. Abel vart sauegjetar, Kain vart jorddyrkar.

3Då det hadde gått ei tid, hende det at Kain bar fram eit offer for Herren av grøda på åkeren.

4Sidan sa Kain til Abel, bror sin: °«Lat oss gå ut på marka!»• Og medan dei var der ute, gjekk Kain laus på Abel, bror sin, og drap han.

9Då sa Herren til Kain: «Kvar er Abel, bror din?» Han svara: «Eg veit ikkje. Er eg vaktar for bror min?»

10Men Herren sa til han: «Nei! Slår nokon Kain i hel, skal det hemnast sju gonger.» Og Herren sette eit merke på Kain så ingen som møtte han, skulle drepa han.

16Så drog Kain bort frå Herren og busette seg i landet Nod, austafor Eden.

Slekta til Kain

17Kain var saman med kvinna si, og ho vart med barn og fødde Henok. Så bygde han ein by og gav han namn etter Henok, son sin.

18Henok fekk sonen Irad, og Irad vart far til Mehujael. Mehujael vart far til Metusjael, og Metusjael vart far til Lamek.

19Lamek tok seg to koner. Den eine heitte Ada, den andre heitte Silla.

20Ada fødde Jabal. Han vart stamfar til dei som bur i telt og held buskap.

21Bror hans heitte Jubal. Han vart stamfar til alle dei som spelar på lyre og fløyte.

22Silla fødde òg ein son, Tubalkain. Han smidde alle slag reiskapar av bronse og jern. Syster til Tubalkain var Naama.

23Lamek sa til konene sine:

«Ada og Silla, høyr på meg,

Lameks koner, lytt til mine ord:

Ein mann drep eg for eit sår,

ein gut for ei skramme.

24 Adam var igjen saman med kvinna si, og ho fødde ein son og kalla han Set.

«For Gud har gjeve meg eit nytt barn

i staden for Abel,

sidan Kain drap han.»

26 Set fekk òg ein son og gav han namnet Enosj. På den tida byrja dei å kalla på Herrens namn.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help