Lukas 6 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Jesus og sabbaten(Matt 12,1–14; Mark 2,23–3,6)

1 Ein sabbat bar det så til at Jesus tok vegen langsmed nokre kornåkrar, og læresveinane reiv av aks, gneid dei mellom hendene og åt.

2Då sa nokre av farisearane: «Kvifor gjer de slikt som ingen har lov til å gjera på sabbaten?»

3Han gjekk inn i Guds hus, tok skodebrøda og åt og gav dei som følgde han. Og dei brøda er det berre prestane som har lov å eta.»

5Og Jesus sa til dei: «Menneskesonen er herre over sabbaten.»

6Ein annan sabbat gjekk han inn i synagogen og underviste. Der var det ein mann med ei høgre hand som var vissen.

7Dei skriftlærde og farisearane heldt auge med Jesus, om han ville lækja på sabbaten, så dei kunne få noko å klaga han for.

8Men han kjende tankane deira og sa til mannen med den visne handa: «Reis deg opp og kom fram!» Han reiste seg og gjekk fram.

9«No spør eg dykk», sa Jesus, «kva har ein lov til på sabbaten? Å gjera godt eller å gjera vondt, berga liv eller ta liv?»

10Han såg rundt seg på dei alle og sa til mannen: «Rett fram handa di!» Han så gjorde, og handa hans vart god att.

11Då vart dei heilt ifrå seg av sinne og tala med kvarandre om kva dei skulle gjera med Jesus.

Jesus kallar dei tolv apostlane(Matt 10,1–4; Mark 3,13–19)

12I dei dagane gjekk han ein gong opp i fjellet og ville be, og han var der heile natta i bøn til Gud.

13Då det vart dag, kalla han til seg læresveinane sine og valde ut tolv; dei kalla han apostlar.

14Det var Simon, som han òg kalla Peter, og Andreas, bror hans, Jakob og Johannes, Filip og Bartolomeus,

15Matteus og Tomas, Jakob, son til Alfeus, og Simon som dei kalla seloten,

16Judas, son til Jakob, og Judas Iskariot, han som vart svikar.

Jesus forkynner og lækjer(Matt 4,23–25; Mark 3,7–10)

17 Så gjekk han nedover att i lag med dei og vart ståande på ei slette. Der var ein stor flokk av læresveinane hans samla og ei mengd med folk frå heile Judea og Jerusalem og frå sjøbygdene ved Tyros og Sidon.

18Då såg han opp, feste auga på læresveinane sine og sa:

«Sæle de fattige!

Guds rike er dykkar.

21 Sal 126,5f; Jer 31,25; Op 7,16f Sæle de som no svelt!

De skal mettast.

Sæle de som no græt!

De skal le.

22 Jes 66,5; Joh 15,19; 16,2; 1 Pet 4,14 Sæle er de når folk

for Menneskesonen skuld hatar dykk,

støyter dykk ut og spottar dykk

og kastar namnet dykkar frå seg som noko vondt!

23 2 Krøn 36,16; Matt 23,30ff; Apg 5,41; 7,52; Jak 5,10 Gled dykk på den dagen og hoppa av fryd,

stor er løna dykkar i himmelen.

Det same gjorde fedrane deira med profetane.

24 Jes 5,8ff; Luk 16,25; Jak 5,1 Men ve dykk rike,

de har alt fått dykkar trøyst.

25 Jes 65,13f Ve dykk som no er mette,

de skal svelta.

Ve dykk som no ler,

de skal sørgja og gråta.

26 Jak 4,4 Ve dykk når alle talar vel om dykk.

For det same gjorde fedrane deira

med dei falske profetane.

Elsk fiendane dykkar(Matt 5,38–48; 7,12)

27Men til dykk som høyrer på meg, seier eg: Elsk fiendane dykkar, gjer vel mot dei som hatar dykk,

28Rom 12,14.17; 1 Kor 4,12; 1 Pet 3,9velsign dei som forbannar dykk, og be for dei som mishandlar dykk.

29Slår nokon deg på det eine kinnet, så byd fram det andre òg. Tek nokon kappa frå deg, så nekt han ikkje skjorta heller.

30Gjev til kvar den som bed deg, og tek nokon frå deg det som er ditt, skal du ikkje krevja det att.

31Som de vil at andre skal gjera mot dykk, så skal de gjera mot dei.

32Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å takka dykk for? Til og med syndarane elskar dei som viser dei kjærleik.

3314,12Og om de gjer vel mot dei som gjer vel mot dykk, er det noko å takka dykk for? Det gjer syndarane òg.

343 Mos 25,35fOg om de låner til dei som de ventar å få att av, er det noko å takka dykk for? Syndarar låner òg til syndarar når dei kan få like mykje att.

35Nei, elska fiendane dykkar, gjer vel og lån bort utan å venta noko att. Då skal løna dykkar vera stor, og de skal vera born av Den høgste. For han er god mot dei utakksame og vonde.

36 2 Mos 34,6 Ver miskunnsame, som Far dykkar er miskunnsam.

Døm ikkje(Matt 7,1–5)

37Døm ikkje, så skal de ikkje dømmast. Fordøm ikkje, så skal de ikkje fordømmast. Ettergjev, så skal de få ettergjeving.

38Gjev, så skal de få: Eit godt mål, stappa, rista og overfylt, skal de få i fanget. For med det målet de sjølve måler med, skal det òg målast opp til dykk.»

39 Matt 15,14; 23,16.24; Rom 2,19 Han fortalde dei òg ei likning: «Kan ein blind leia ein blind? Kjem ikkje begge til å falla i grøfta?

40Matt 10,24f; Joh 13,16; 15,20Ein lærling står ikkje over meisteren, men når han er utlært, blir han lik meisteren sin.

41Kvifor ser du flisa i auget til bror din, men bjelken i ditt eige auge merkar du ikkje?

42Og korleis kan du seia til bror din: ‘Bror, lat meg ta flisa ut av auget ditt’, når du ikkje ser bjelken i ditt eige auge? Din hyklar! Ta først bjelken ut av ditt eige auge. Då ser du klårt og kan ta flisa ut av auget til bror din.

Treet og fruktene(Matt 7,17–20; 12,33–35)

43Det finst ikkje noko godt tre som ber dårleg frukt, heller ikkje noko dårleg tre som ber god frukt.

44Treet kjenner ein på frukta. Dei plukkar ikkje fiken av tistlar og haustar ikkje druer av klunger.

45Eit godt menneske ber fram godt av det gode han gøymer i hjartet, og eit vondt menneske ber fram vondt av det vonde han gøymer på. For det hjartet er fullt av, det seier munnen.

Huset bygd på fjell(Matt 7,21–27)

46 Mal 1,6; Jak 1,22 Kvifor kallar de meg ‘Herre, Herre!’ og gjer ikkje det eg seier?

47Den som kjem til meg og høyrer orda mine og gjer det dei seier, eg skal visa dykk kven han er lik.

48Han er lik eit menneske som ville byggja eit hus, og som grov djupt og la grunnmuren på fjell. Då flaumen kom, braut straumen mot huset, men kunne ikkje rikka det, for det var godt bygd.

49Ordt 10,25; Esek 13,10ffMen den som høyrer og ikkje gjer etter det, han liknar eit menneske som bygde huset sitt på berre bakken, utan grunnmur. Då straumen braut mot huset, datt det med ein gong, og heile huset rasa saman.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help