1 Skriv til engelen for forsamlinga i Efesos:
Dette seier han som held dei sju stjernene i si høgre hand, han som går omkring mellom dei sju gull-lysestakane:
2Eg veit om gjerningane dine: Du har streva, og du har halde ut. Eg veit òg at du ikkje kan tola dei vonde. Du har prøvd dei som kallar seg apostlar, men ikkje er det, og du har funne at dei er løgnarar.
3Du har halde ut, og du har tolt mykje for mitt namn skuld og ikkje trøytna.
4Men dette har eg imot deg: Du har gjeve opp din første kjærleik.
5Men den ros skal du ha, at du hatar gjerningane til nikolaittane, slik eg sjølv gjer.
7 Skriv til engelen for forsamlinga i Smyrna:
Dette seier den første og den siste, han som var død og har vorte levande:
9Skriv til engelen for forsamlinga i Pergamon:
Dette seier han som har det kvasse, tvieggja sverdet:
13Eg veit kvar du bur, der Satan har trona si. Likevel held du fast på mitt namn. Og du har ikkje fornekta trua på meg, ikkje eingong i dei dagane då Antipas, mitt trufaste vitne, vart drepen i byen dykkar, der Satan bur.
14 Men noko har eg imot deg: Du har nokre hos deg som held seg til Bileams lære, han som lærte Balak å setja ei felle for Israelsfolket, så dei åt avgudsoffer og dreiv hor.
15Skriv til engelen for forsamlinga i Tyatira:
Dette seier Guds Son, han som har auge som logande eld og føter som bronse:
19Men dette har eg imot deg: Du toler denne kvinna Jesabel, ho som kallar seg profet, men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer.
21Eg har gjeve henne tid til å venda om, men ho vil ikkje venda om frå sitt horeri.
22Sjå, no kastar eg henne på sjukeseng, og dei som gjer ekteskapsbrot med henne, kastar eg ut i stor naud om dei ikkje vender om frå gjerningane hennar,
23Men til dykk andre i Tyatira, alle som ikkje følgjer denne læra og ikkje har «kjent Satans avgrunnar», som dei kallar det, til dykk seier eg: Eg legg inga ny bør på dykk.
25
som leirkar skal dei knusast.
28 2 Pet 1,19; Op 22,16 Ei slik makt har eg fått av Far min. Og eg vil gje han morgonstjerna.
29Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.