1. Mosebok 25 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Abrahams siste leveår

1Abraham tok seg på nytt ei kone; ho heitte Ketura.

2Isak var førti år gammal då han tok Rebekka til kone. Ho var dotter til aramearen Betuel frå Paddan-Aram og syster til aramearen Laban.

21Den første som kom, var raud og lòden som ein fell over heile kroppen. Dei kalla han Esau.

26Så kom broren; han heldt Esau i hælen med handa. Difor kalla dei han Jakob. Isak var seksti år gammal då dei vart fødde.

27Gutane voks opp, og Esau vart ein dugande jeger, ein mann som heldt til ute på marka. Jakob vart ein roleg mann som heldt seg ved telta.

28Isak elska Esau, for Isak åt gjerne kjøt av vilt; men Rebekka elska Jakob.

29Ein gong Jakob heldt på å koka suppe, kom Esau heim frå marka. Han var sliten.

30Esau sa til Jakob: «Skund deg, gjev meg noko å eta av det raude, det raude du har der, for eg er sliten!» Difor kalla dei han Edom.

31Men Jakob sa: «Først må du selja meg førstefødselsretten din!»

32Esau svara: «Sjå, eg held på å døy! Kva skal eg med førstefødselsretten?»

33Hebr 12,16«Sver på det først!» sa Jakob. Så svor han og selde førstefødselsretten sin til Jakob.

34Då gav Jakob han brød og linsesuppe. Han åt og drakk, reiste seg og gjekk. Slik viste Esau forakt for førstefødselsretten.

Blog
About Us
Message
Site Map