Esekiel 26 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Tyros skal gå til grunne

1 Det var i det ellevte året, på den første dagen i månaden. Herrens ord kom til meg:

2 Ein tørkeplass for fiskegarn

skal ho bli, midt i havet,

for eg har tala,

seier Herren Gud.

Ho skal bli eit bytte for folkeslaga.

6 Døtrene ute på marka

skal bli drepne med sverd.

Dei skal kjenna at eg er Herren.

7 Då skal alle fyrstane ved havet

stiga ned frå trona,

leggja kappa bort

og ta av seg dei fargerike kleda.

Dei kler seg i redsle

og set seg på jorda.

Dei skjelv stadig,

slegne av skrekk på grunn av deg.

17 27,32; Op 18,9ff Dei stemmer i ei likklage og seier om deg:

Korleis kunne du gå til grunne,

du som fekk ditt folk frå havet,

den lovprisa byen

som var mektig på sjøen,

byen og hennar innbyggjarar

som spreidde redsle blant alle som bur der.

18No skjelv kystane,

det er dagen for ditt fall,

øyane i havet blir slegne av skrekk

over den enden du fekk.

19Så seier Herren Gud:

Når eg gjer deg til ein herja by,

lik byar det ikkje bur folk i,

når eg lèt havdjupet slå inn over deg

og veldige vatn dekkjer deg,

20då fører eg deg ned

til dei som har gått i grav,

ned til folk frå fortida.

Eg lèt deg bu i landet der nede,

det liknar ruinar frå gammal tid,

saman med dei som har gått i grav,

så du ikkje vender attende

og får plass i landet til dei levande.

21 Sal 37,35f; Op 18,21 Eg gjer deg til skremsel,

du skal ikkje vera meir.

Dei skal leita etter deg,

men du skal aldri meir bli funnen,

seier Herren Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help