1 Eg vil syngja om min kjære ven,
ein song om min ven og vingarden hans.
Ein vingard hadde min kjære ven,
med den feitaste jord.
2Han hakka han opp,
og han plukka stein,
og han planta den finaste vin
og bygde eit vakttårn i midten,
også ei vinpresse hogg han ut.
Så venta han seg gode druer,
men beiske druer fekk han.
3Og no, de som bur i Jerusalem,
og de menneske i Juda:
Døm mellom meg og vingarden min!
4Kva meir kunne gjerast med vingarden min
enn det eg alt hadde gjort?
Kvifor venta eg meg gode druer
når druene eg fekk, var beiske?
5 For ein vingard det tek ti dagar å pløya,
gjev berre ein bat igjen,
og ein homer såkorn gjev ein efa.
11Ve dei som jagar etter sterk drikk
frå tidleg morgon av,
som sit til seint på kveld
og blir heite av vin.
12 Han lyfter banneret for eit folk langt borte
og plystrar det hit frå enden av jorda.
Og sjå, der kjem dei, raskt og lett.
27Det er ingen der som er trøytt eller snublar,
ingen blundar og ingen søv.
Beltet om livet losnar ikkje,
og inga sandalreim slitnar.
28Pilene er kvesste
og kvar boge spent,
hestehovane er som flint
og vognhjula som ein kvervelvind.
29Med eit løvebrøl kjem dei,
dei brøler som ei ung løve,
knurrar og grip etter byttet sitt,
ber det bort,
og ingen kan berga det.
30 8,22; 17,12ff Den dagen stig eit brøl,
som brølet frå havet.
Ser ein ut over jorda,
er det mørker og naud.
Lyset mørknar av tunge skyer.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.