Josva 5 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Då laga Josva flintknivar og omskar israelittane ved Haaralot-høgda.

4Herren sa til Josva: «I dag har eg velta vanæra frå Egypt av dykk.» Difor vart staden kalla Gilgal, og det heiter han den dag i dag.

10 Medan israelittane låg i leir ved Gilgal, heldt dei påske der på Jeriko-slettene, om kvelden den fjortande dagen i månaden.

112 Mos 12,15ffOg dagen etter påske, akkurat den dagen, åt dei av grøda i landet: usyra brød og rista korn.

122 Mos 16,35Frå den dagen vart det slutt på mannaen. Sidan israelittane no kunne eta av grøda i landet, fekk dei ikkje meir manna. Det året åt dei av avlinga frå Kanaans land.

Mannen med sverdet

13 4 Mos 22,23; 1 Krøn 21,16 Ein gong Josva var ved Jeriko, hende dette: Best han såg opp, fekk han auge på ein mann som stod beint framfor han med eit drege sverd i handa. Josva gjekk bort til han og sa: «Er du med oss eller med fiendane våre?»

142 Mos 23,20; 5 Mos 33,2; Dom 5,20; Dan 12,1; Sak 9,14Mannen sa: «Nei, eg er føraren for Herrens hær. No er eg komen.» Då fall Josva ned med andletet mot jorda og sa: «Kva har herren min å seia tenaren sin?»

152 Mos 3,5Føraren for Herrens hær svara Josva: «Ta skorne av føtene, for staden du står på, er heilag.» Det gjorde Josva.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help