1 Eg gjer dei til ei redsle for alle rike på jorda på grunn av det som Juda-kongen Manasse, Hiskias son, har gjort i Jerusalem.
5For kven har medkjensle med deg, Jerusalem,
kven tykkjer synd i deg?
Kven stansar og spør korleis du har det?
6 Kvifor er mi smerte utan ende
og såret mitt ulækjande?
Det kan ikkje lækjast.
Du har vorte for meg som ein tørrlagd bekk,
som vatn ein ikkje kan lita på.
19Difor, så seier Herren:
Dersom du vender om,
lèt eg deg koma attende.
Du skal stå for mitt andlet.
Dersom du skil ut det kostesame
frå det verdlause,
skal du vera som min munn.
Dei skal venda seg til deg,
men du skal ikkje venda deg til dei.
20 1,18f; Esek 3,8f Mot dette folket
gjer eg deg til ein festningsmur av bronse.
Dei skal gå til krig mot deg, men ikkje vinna.
For eg er med deg,
eg vil frelsa deg og berga deg,
seier Herren.
21Eg vil berga deg frå hendene til dei vonde
og fria deg frå grepet til valdsmenn.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.