1 Simeon Peter, Jesu Kristi tenar og apostel, helsar dei som har fått den same dyrebare tru som vi gjennom rettferda frå vår Gud og frelsar Jesus Kristus.
2Eg meiner at det er rett å halda dykk vakne med slike påminningar, så lenge eg bur i dette teltet.
14Joh 21,18f; 2 Kor 5,1For eg veit at teltet mitt snart skal takast ned, det har vår Herre Jesus Kristus late meg vita.
15Og eg vil gjera alt eg kan for at de alltid skal minnast dette, også etter at eg er gått bort.
16 Luk 9,32; Apg 4,20 For vi følgde ikkje klokt uttenkte mytar då vi kunngjorde for dykk vår Herre Jesu Kristi makt og hans kome. Nei, vi var augnevitne og såg hans guddomlege velde.
17Matt 3,17+; Luk 9,28ffFor han fekk ære og herlegdom frå Gud, sin Far, den gongen røysta kom til han frå høgste herlegdomen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»
18Vi høyrde sjølve denne røysta koma frå himmelen då vi var saman med han på det heilage fjellet.
19 Op 2,28 Difor står profetordet så mykje fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å halda fast på. Det er ei lampe som skin på ein mørk stad til dagen gryr og morgonstjerna stig opp i hjarta dykkar.
20Men framfor alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i Skrifta på eiga hand.
212 Tim 3,16; 1 Pet 1,11For aldri vart noko profetord bore fram ved menneskevilje, men drivne av Den heilage ande tala menneske ord frå Gud.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.