Jeremia 25 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Slavar for kongen av Babel

1 Heile dette landet skal bli til ruin og ørken, og desse folkeslaga skal gjera slavearbeid for kongen av Babel i sytti år.

12Så, når sytti år er gått, vil eg straffa kongen av Babel og heile folket der for deira synd, seier Herren, og eg vil straffa kaldearlandet; eg gjer det til ein ørken for alltid.

13Alt eg har sagt om dette landet, lèt eg koma over det, alt som er skrive i denne boka, og som Jeremia har forkynt mot alle folkeslaga,

14for dei òg må gjera slavearbeid for mektige folkeslag og store kongar. Slik løner eg dei for gjerningane deira og for deira henders verk.

Vreidevinen

15 og alt blandingsfolket; alle kongane i Us, alle kongane i filistarlandet, Asjkalon, Gaza, Ekron og dei som er att i Asjdod;

21Edom, Moab og Ammon,

22alle kongane i Tyros og Sidon og kongane frå fjerne kystar på andre sida av havet;

23Dedan, Tema og Bus og alle som har kortklipt hår ved tinningen;

24alle arabarkongane og alle kongane over blandingsfolka som bur i ørkenen;

25alle kongane i Simri, Elam og Media;

26alle kongane i nord, både nære og fjerne, den eine etter den andre, ja, alle kongerika som finst utover jorda. Til sist skal òg kongen i Sjesjak drikka.

27 51,7 Du skal seia til dei: Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Drikk til de blir fulle og spyr! De skal falla for sverdet eg sender imellom dykk og ikkje reisa dykk att.

28Men om dei nektar å ta begeret frå di hand og drikka, skal du seia til dei: Så seier Herren over hærskarane: Drikka skal de!

2949,12Sjå, først sender eg ulukke over byen som namnet mitt er nemnt over. Og så skulle de sleppa straff! Nei, de skal ikkje sleppa. For eg kallar på sverdet og sender det mot alle som bur på jorda, seier Herren over hærskarane.

Høyr korleis gjetarane skrik

30 Jes 16,9f; 63,2f; Jer 48,33; Joel 3,21; Am 1,2 Du skal profetera for dei med alle desse orda. Du skal seia til dei:

Herren skal brøla frå det høge,

la røysta ljoma frå sin heilage bustad.

Han brøler over si beitemark,

ropar lik folk som trakkar druer,

til alle som bur på jorda.

31 Jes 34,2; 66,16; Jer 12,1.12 Lyden når til enden av jorda.

For Herren fører sak mot folka,

alt som lever, stemner han for retten,

dei lovlause gjev han over til sverdet,

seier Herren.

32Så seier Herren over hærskarane:

Ei ulukke skal spreia seg

frå folkeslag til folkeslag.

Ein sterk storm bryt laus

frå ytste enden av jorda.

33 9,22+ Den dagen skal det liggja menneske som Herren har drepe, frå den eine enden av jorda og til den andre. Dei får inga sørgjehøgtid, dei skal ikkje bli samla eller gravlagde, dei skal bli til gjødsel på jorda.

34Klag og skrik, de gjetarar,

velt dykk i støvet,

de herrar over flokken!

For no er tida komen då de skal slaktast.

De skal spreiast

og falla som kostesame kar.

35 Am 2,14 Gjetarane klarer ikkje å flykta,

det er inga berging

for dei som er herrar over flokken.

36Høyr korleis gjetarane skrik

og herrane over flokken klagar!

For Herren herjar beita deira,

37fredelege beitemarker ligg aude

fordi Herren er brennande vreid.

38Som ungløva har han forlate si gøymsle.

For landet dykkar blir lagt audt

av det herjande sverdet

og av hans brennande vreide.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help