2. Samuelsbok 12 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Du er mannen

1 Herren sende Natan til David. Han gjekk fram for kongen og sa: «Det budde to menn i ein by. Den eine var rik og den andre fattig.

2Den rike hadde småfe og storfe i mengd.

3Den fattige eigde ikkje anna enn eit einaste lite holam som han hadde kjøpt. Han alte det opp, og det voks til saman med borna hans, åt av brødet hans, drakk av begeret hans, låg i fanget hans og var som ei dotter for han.

4Ein dag kom det ein ferdamann til den rike. Men han kvidde seg for å ta noko av sitt eige småfe eller storfe og laga til for gjesten. Han tok lammet som den fattige eigde, og laga det til for mannen som var komen.»

5Då vart David brennande harm på mannen, og han sa til Natan: «Så sant Herren lever, den mannen som har gjort dette, skal døy!

6David trøysta Batseba, kona si. Han gjekk inn til henne og låg med henne. Ho fødde ein son som ho kalla Salomo. Herren hadde han kjær.

25Han sende bod med profeten Natan om at guten skulle kallast Jedidja – for Herrens skuld.

Krig mot ammonittane

26 Joab gjekk til åtak på Rabba i Ammon og tok Kongsbyen.

27Så sende han bod til David og sa: «Eg har gjort åtak på Rabba og har teke Vassbyen òg.

28Kall saman resten av hæren, kringset byen og ta han! Elles kjem eg til å ta byen, og mitt namn blir ropa ut over han.»

29Då samla David heile hæren og fór til Rabba. Han gjekk til åtak på byen og tok han.

30Han tok krona av hovudet på kongen deira. Ho var av gull og edle steinar og vog ein talent. No kom ho på Davids hovud. Frå byen tok han òg med seg eit stort hærfang.

31Folket som budde der, førte han bort. Han sette dei til å arbeida med sager, jernhakker og jernøksar eller ved teglomnane. Slik gjorde David med alle ammonittbyane. Så fór han heim att til Jerusalem med heile hæren.

Blog
About Us
Message
Site Map