Esekiel 43 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Herrens herlegdom kjem til tempelet

1Så førte han meg til den porten som vender mot aust.

2Då lyfte ånda meg opp og førte meg til den indre føregarden. Og sjå, Herrens herlegdom fylte tempelet!

6Då høyrde eg ein som tala til meg inne frå huset, og ein mann stod ved sida av meg.

7Dei sette sin dørstokk attmed min dørstokk og sin dørstolpe inntil min dørstolpe, så det berre var ein vegg mellom meg og dei. Dei gjorde mitt heilage namn ureint med alt det avskyelege dei dreiv med. Difor fortærte eg dei i min vreide.

9Men no skal dei ta bort frå meg både horeriet og lika av kongane sine, og då vil eg bu imellom dei til evig tid.

10Du menneske, fortel Israels hus om tempelet, så dei må skjemmast av si synd. Dei skal måla opp grunnflata.

11Og dersom dei skjemmest av alt det dei har gjort, skal du la dei få kjennskap til form og grunnplan for tempelet, utgangar og inngangar og alle forskriftene og lovene for det. Skriv alt opp for auga deira så dei kan gje akt på heile lova og alle forskriftene og følgja dei.

12Dette er lova om tempelet: Heile området på toppen av fjellet skal vera høgheilagt. Sjå, det er lova om tempelet.

13 Dette er måla på altaret, målte med den alna som er ei handsbreidd lengre enn den vanlege. Ei renne var ei alen djup og ei alen brei, og kanten rundt var eitt fingerspenn.

Dette er sokkelen under altaret:

14Frå renna på bakken og opp til den nedste avsatsen var det to alner, og breidda var éi alen. Frå den vesle avsatsen opp til den store var det fire alner, og breidda var éi alen.

15Offereldstaden var fire alner høg, og derifrå stakk dei fire altarhorna opp.

16Eldstaden var tolv alner lang og tolv alner brei, firkanta.

17Avsatsen var fjorten alner lang og fjorten alner brei, firkanta. Kanten rundt var ei halv alen, og renna omkring var éi alen. Altartrappa vende mot aust.

18Han sa til meg: Menneske, så seier Herren Gud: Dette er forskriftene for altaret som gjeld frå den dagen det blir laga, så ein kan ofra brennoffer og skvetta blod på det.

19Til dei levittprestane som er av Sadoks ætt, dei som stig fram og gjer teneste for meg, seier Herren Gud, skal du gje ein ungokse som syndoffer.

202 Mos 29,12.36; 3 Mos 8,15Du skal ta noko av blodet og stryka det på dei fire altarhorna, på dei fire hjørna til avsatsen og på kanten omkring. Slik skal du ta bort synd frå altaret og gjera soning for det.

213 Mos 16,27Så skal du ta syndofferoksen og brenna han på den fastsette staden ved tempelet, utanfor sjølve heilagdomen.

22Dagen etter skal du føra fram ein geitebukk utan feil som syndoffer. Med den skal dei ta bort synd frå altaret slik dei gjorde det med oksen.

23Når du er ferdig med å ta bort synd, skal du føra fram ein ungokse av storfeet og ein vêr av småfeet, begge utan feil.

24Du skal føra dei fram for Herren. Prestane skal strø salt på dei og ofra dei som brennoffer til Herren.

25 3 Mos 8,33–35 I sju dagar skal du dagleg laga til ein geitebukk som syndoffer. Også ein ungokse av storfeet og ein vêr av småfeet, utan feil, skal de ofra.

263 Mos 8,33I sju dagar skal dei gjera soning for altaret og reinsa det. Dei skal vigsla det.

27Når desse dagane er til ende, skal prestane den åttande dagen og alltid sidan laga til brennoffera og fredsoffera dykkar på altaret. Då skal eg visa dykk godvilje, seier Herren Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help