Esekiel 47 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Livsens elv

1 Han sa til meg: «Dette vatnet renn til områda i aust og ned på Araba-sletta. Når det renn ut i sjøen, blir vatnet der friskt.

9Alle levande skapningar som det kryr av alle stader der denne elva renn, skal få leva. Der skal det bli ei mengd med fisk. For der dette vatnet kjem, blir alt friskt og levande, alt som er der elva renn.

10Det skal stå fiskarar frå En-Gedi til En-Eglajim. Der skal det vera tørkeplass for garn. Det skal finnast fisk av same slag som i Storhavet, i store mengder.

11Men myrane og sumpane skal ikkje bli friske. Av dei skal det vinnast ut salt.

12Dette er landegrensene.

I nord: frå Storhavet over Hetlon, Lebo-Hamat og Sedad,

16Berota og Sibrajim – mellom Damaskus-området og Hamat-området – til Hasar-Enon ved Havran-området.

17Grensa går frå havet til Hasar-Enon. I nord ligg områda til Damaskus og Hamat. Dette er nordgrensa.

18I aust: mellom Havran og Damaskus, mellom Gilead og Israels-landet, er Jordan grensa heilt til sjøen i aust, til Tamar. Dette er austgrensa.

19 4 Mos 20,13; 34,5; Esek 48,28 I Negev, mot sør: frå Tamar til vatnet ved Meribat-Kadesj og vidare langs elveleiet til Storhavet. Dette er grensa i Negev, mot sør.

20I vest: Storhavet dannar grense til ein kjem på høgd med Lebo-Hamat. Dette er vestgrensa.

21De skal dela dette landet mellom dykk, mellom stammane i Israel.

223 Mos 19,34; 4 Mos 26,55; Jos 14,2De skal dela det ut til eigedom mellom dykk sjølve og innflyttarane som held til blant dykk og har fått born blant dykk. Dei skal vera for dykk som innfødde israelittar. Saman med dykk skal dei få utskift eigedom mellom stammane i Israel.

23I den stammen der innflyttaren bur, skal de gje han eigedom, seier Herren Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help