2. Mosebok 23 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Rettferd og kjærleik

1 Men det sjuande året skal du la henne liggja brakk og kvila, så dei fattige i folket ditt kan livnæra seg av henne. Og det som blir att, kan villdyra eta. Det same skal du gjera med vinmarkene og oliventrea dine.

12Du skal òg halda festen for kornhausten, når du haustar inn førstegrøda av det du sådde på marka, og festen for innhaustinga ved utgangen av året, når du haustar inn frukta av arbeidet ditt på marka.

17Tre gonger om året skal alle mennene hos deg stiga fram for Herren over alle Herrar.

18Du skal ikkje ofra blodet av slaktofferet mitt saman med noko som er syra, og feittet av høgtidsofferet mitt må ikkje liggja natta over til neste morgon.

19Det beste av førstegrøda frå jorda di skal du koma med til huset åt Herren din Gud.

Du skal ikkje koka eit kje i mjølka frå mora.

Engelen og lovnadene

20 Legg merke til han og lyd han! Set deg ikkje opp mot han, for han vil ikkje bera over med syndene dykkar, for namnet mitt er i han.

22Eg vil senda bisvermar framfor deg. Dei skal jaga hevittane, kanaanearane og hetittane bort frå deg.

29Eg vil ikkje driva dei ut før det er gått eitt år, så landet ikkje skal bli liggjande audt og villdyra bli for mange for deg.

30Eg skal la landegrensene dine nå frå Sivsjøen til Filistarhavet, frå ørkenen til Eufrat. For eg vil gje dei som bur i landet, i di hand, og du skal driva dei bort framfor deg.

3234,12.15; 5 Mos 7,2ff; Dom 2,2fDu skal ikkje gjera noka pakt med dei og med gudane deira.

33Dei må ikkje bli buande i landet ditt, så dei får deg til å synda mot meg. For dyrkar du gudane deira, blir det til ei snare for deg.

Blog
About Us
Message
Site Map