Jesaja 45 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Kyros, Herrens salva

1 Så seier Herren

til den han har salva,

til Kyros,

som eg har gripe i høgre hand

for å tvinga folkeslag under han

og løysa belte av kongar

og opna dører for han,

og ingen port skal vera stengd.

2 Eg har vekt opp ein mann i rettferd,

og alle hans vegar jamnar eg ut.

Han skal byggja byen min

og senda folket mitt heim frå eksil

utan betaling eller løn,

seier Herren over hærskarane.

Gud som løyner seg

14 Så seier Herren:

Rikdom frå Egypt,

velstand frå Kusj

og høgvaksne menn frå Seba

skal gå over til deg og bli dine.

Dei skal følgja etter deg i lenkjer,

kasta seg ned for deg

og hylla deg:

«Berre hos deg er Gud,

det er ingen annan,

ingen annan gud.»

15

med ei evig frelse.

Evig og aldri skal de bli

til skamme og til spott.

Kvart kne skal bøya seg for Herren

18 1 Mos 1,1; Jes 44,24; Apg 17,24ff For så seier Herren, som skapte himmelen,

han som er Gud,

som forma jorda og laga henne,

han som grunnla henne

og ikkje skapte henne tom,

men forma henne til å bu på:

Eg er Herren, ingen annan.

19 48,16; Joh 18,20 Eg har ikkje tala i det løynde,

ein stad i det mørke landet.

Eg har ikkje sagt til Jakobs ætt:

«Søk meg i det tomme!»

Eg, Herren, talar rettferd

og fortel kva som er rett.

20 5 Mos 32,37f; Jer 2,28; 11,12 Samla dykk og kom,

kom nærare, alle saman,

de som har sloppe unna folkeslaga.

Dei skjønar ingen ting,

dei som ber på gudebilete av tre

og bed til ein gud som ikkje kan frelsa.

21Gjer det kjent og legg det fram,

berre hald råd saman!

Kven har kunngjort dette på førehand,

kven har fortalt det frå før?

Er det ikkje eg, Herren?

Det finst ingen annan gud enn eg,

ingen annan rettferdig og frelsande Gud.

22 Sal 22,28; Jes 49,6; Sak 2,15 Vend dykk til meg og bli frelste,

alle endane av jorda!

For eg er Gud, og ingen annan.

23 55,11; Sef 3,9; Rom 14,11; Fil 2,10ff; Hebr 6,13 Ved meg sjølv har eg svore,

rettferd har gått ut frå min munn,

eit ord som ikkje vender attende:

For meg skal kvart kne bøya seg,

kvar tunge skal sverja ved meg.

24Om meg skal dei seia:

«Berre hos Herren er rettferd og styrke.»

Til han skal dei koma i skam,

alle som var harme på han.

25Ved Herren skal dei få rett og vera stolte,

heile Israels ætt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help