Hosea 9 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Gjengjeldinga kjem

1 Sjå, dreg dei bort frå øydelegginga,

skal Egypt samla dei saman,

Memfis gravleggja dei.

Nesler skal løyna deira skattar av sølv,

tornekratt skal veksa i telta deira.

7Dagane for straff er komne,

dagane for gjengjelding er komne,

det skal Israel få merka.

«Profeten er ein dåre,

åndsmannen er utan vit!»

Ja, fordi di skuld er så stor

og din fiendskap så sterk!

8 Dei har vorte like djupt forderva

som i Gibeas dagar.

Han skal hugsa skulda deira

og straffa syndene deira.

Efraim skal ikkje lenger bera frukt

10 Eg fann Israel

som druer i ørkenen,

eg såg fedrane dykkar

som tidleg frukt på fikentreet.

Men då dei kom til Baal-Peor,

vigde dei seg til skamma

og vart like motbydelege som han dei elska.

11Efraims herlegdom flyg bort som ein fugl.

Ingen føder, ingen er gravide,

og ingen blir med barn.

12Jamvel om dei fostrar born,

skal eg ta frå dei kvart einaste eitt.

Ja, ve dei

når eg går bort frå dei!

13 Efraim er planta i ei eng,

det er som eg såg bort til Tyros.

Men Efraim må føra sine born ut

til han som drep.

14Gjev dei, Herre!

Kva skal du gje?

Gjev dei morsliv som mistar barnet,

og bryst som tørkar inn.

15 All deira vondskap viste seg i Gilgal,

der la eg dei for hat.

Fordi dei har gjort så mykje vondt,

vil eg driva dei ut av mitt hus.

Eg kan ikkje elska dei lenger,

alle førarane deira er opprørarar.

16 Jona 4,7 Efraim er slegen,

rota deira har vorte tørr,

dei skal ikkje lenger bera frukt.

Og sjølv om dei føder,

vil eg drepa deira dyre livsfrukt.

17 5 Mos 28,64f Min Gud skal forkasta dei

fordi dei ikkje har høyrt på han.

Dei skal flakka omkring mellom folka.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help