Dommarane 19 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Ugjerninga i Gibea

1 Men herren svara: «Nei, vi vil ikkje ta inn i ein by der det berre bur framande og ikkje israelittar. Vi vil halda fram til Gibea.»

13Så sa han til tenesteguten: «Kom, lat oss gå til Gibea eller Rama og få oss hus i ein av dei byane.»

14Så heldt dei fram, og då sola gjekk ned, var dei tett ved Gibea, som høyrer til Benjamin.

15Der tok dei av vegen og gjekk inn i Gibea og ville få seg hus for natta. Då han kom inn i byen, sette han seg på torget, for det var ingen som baud dei hus.

16Utpå kvelden kom det ein gammal mann heim frå arbeidet sitt ute på marka. Han var frå Efraim-fjella, men budde i Gibea. Elles var folket der på staden benjaminittar.

17Då den gamle mannen såg opp, fekk han auge på ferdamannen på torget og sa til han: «Kvar skal du, og kvar kjem du frå?»

18Han svara: «Vi kjem frå Betlehem i Juda og skal langt bort på Efraim-fjella, der eg er ifrå. Eg har vore i Betlehem i Juda og er no på veg til Herrens hus. Men her er det ingen som vil gje meg husrom,

19endå vi både har halm og fôr til esla våre og brød og vin til meg sjølv og tenestekvinna di, og til tenesteguten som tenaren din har med seg. Vi manglar ingen ting.»

20Då sa den gamle mannen: «Fred vere med deg! Lat berre meg sørgja for alt det du treng! På torget må du ikkje vera i natt.»

21Medan dei sat og hygde seg, kom nokre av mennene i byen, gudlause folk som dei var, og omringa huset. Dei dundra på døra og ropa til den gamle mannen som eigde huset: «Send ut den mannen som har teke inn hos deg, så vi kan få viljen vår med han!»

23Då gjekk huseigaren ut til dei og sa: «Nei, brør, gjer ikkje noko vondt! Sidan denne mannen no er komen inn i huset mitt, må de ikkje gjera så stygg ei gjerning!

24Sjå, her er dotter mi, som er jomfru, og følgjekona hans; dei skal eg senda ut til dykk. Så kan de ta dei og gjera med dei som de lystar. De må ikkje fara så stygt med denne mannen.»

25Men mennene ville ikkje høyra på han. Då tok mannen følgjekona si og leidde henne ut til dei, og dei låg med henne og forgreip seg på henne heile natta. Dei sleppte henne ikkje før det leid til morgons og tok til å lysna.

26I dagrenninga kom kvinna, og ho seig saman framfor døra til det huset der husbonden hennar var. Der vart ho liggjande til det var lyst.

27Om morgonen stod husbonden hennar opp og opna husdøra. Han gjekk ut og ville fara sin veg. Sjå, då låg følgjekona hans framfor husdøra med hendene på dørstokken.

28Han sa til henne: «Reis deg opp og lat oss fara i veg!» Men han fekk ikkje svar. Då lyfte han henne opp på eselet, tok ut og drog til heimstaden sin.

29 1 Sam 11,7 Då han kom heim, fann han fram ein kniv. Så tok han følgjekona si og skar kroppen hennar opp i tolv stykke. Dei sende han ut til heile Israels-landet.

30Alle som såg det, sa: «Slikt har aldri hendt og aldri vore spurt frå den dagen israelittane drog opp frå Egypt og til no. Tenk etter, legg råd og sei kva de meiner!»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help