Mika 6 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Kva Herren krev

1Høyr kva Herren seier:

Reis deg, før di sak for fjella,

lat haugane høyra di røyst!

2Høyr Herrens klage, de fjell

og de faste grunnvollar på jorda!

For Herren klagar sitt folk,

han går i rette med Israel.

3Mitt folk, kva har eg gjort deg?

Kva har eg trøytta deg med?

Svar meg!

4 Bryr Herren seg om tusenvis av vêrar,

titusenvis av oljebekker?

Skal eg ofra min førstefødde for mitt brot,

mi livsfrukt for mi sjels synd?

8 5 Mos 10,12 Han har kunngjort for deg, menneske,

kva godt er.

Og kva krev Herren av deg?

Berre at du gjer rett,

viser trufast kjærleik

og vandrar audmjukt med din Gud.

Dommen over Jerusalem

9 Herrens røyst ropar til byen,

og det er visdom å frykta ditt namn.

Høyr, du stamme og forsamling!

10 3 Mos 19,36 Finst framleis urettens skattar i huset til den urettferdige

og eit forfalska, forbanna efa-mål?

11Kan eg vera rein

med urett vekt

og falske vektlodd i pungen?

12Dei rike i byen øver vald,

innbyggjarane der fer med løgn,

ei svikefull tunge har dei i munnen.

13 3 Mos 26,18 Så skal då eg òg byrja å slå deg,

øydeleggja deg for dine synder.

14 3 Mos 26,25f Du skal eta og ikkje bli mett,

tom skal du kjenna deg.

Den du tek til side, kan du likevel ikkje berga,

og den du bergar, gjev eg til sverdet.

15 5 Mos 28,38ff Du skal så, men ikkje hausta,

pressa oliven, men ikkje salva deg med olje,

pressa druer, men ikkje drikka ny vin.

16 1 Kong 16,25.29f Du har halde Omris forskrifter

og handla som Ahabs hus.

Etter deira råd har de vandra.

Difor skal eg overgje deg til øydelegging

og innbyggjarane dine til spott.

Vanæra til folket mitt må de bera.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help