1. Timoteus 5 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Ulike grupper i forsamlinga

1 Enkjer som verkeleg er enkjer, skal du æra og hjelpa.

4Men har ei enkje born eller barneborn, så lat dei først læra å visa gudsfrykt i sin eigen heim og med takk gje noko att til dei gamle. For dette er godt i Guds auge.

5 Berre den som har fylt seksti år, kan skrivast inn mellom enkjene i forsamlinga. Ho må ha vore kona til éin mann,

10vera kjend for gode gjerningar, ha oppseda born, vore gjestfri, vaska føtene til dei heilage, hjelpt dei som er i naud og alltid vore oppteken av å gjera det gode.

11Men unge enkjer skal du ikkje godta. For lysta dreg dei bort frå tenesta for Kristus så dei vil gifta seg.

12Då får dei til dom at dei har brote den første lovnaden om truskap.

13Dessutan har dei ikkje noko å gjera og lærer seg til å springa frå hus til hus. Ja, ikkje nok med det, dei fer òg med sladder og legg seg opp i saker dei ikkje har noko med, og snakkar om slikt som ikkje sømer seg.

14Ver ikkje for snar til å leggja hendene på nokon, og bli ikkje medskuldig i synder som andre gjer. Hald deg sjølv rein.

23Drikk ikkje lenger berre vatn, men bruk litt vin for magen din, og fordi du så ofte er sjuk.

24Hos nokre menneske er syndene synlege for alle og går føre dei til dommen, hos andre følgjer dei etter.

25Matt 10,26På same måten er dei gode gjerningane synlege. Og er dei ikkje det, skal dei koma for dagen.

Blog
About Us
Message
Site Map