1Då Jeremia var ferdig med å seia til folket alle dei orda som Herren deira Gud hadde sendt han med – alle desse orda,
2då sa Asarja, son til Hosjaja, og Johanan, son til Kareah, og alle dei skamlause mennene, til Jeremia: «Det er løgn, det du seier! Herren vår Gud har ikkje sendt deg for å seia: Far ikkje til Egypt for å slå dykk ned som innflyttarar der.
3Det er Baruk, son til Neria, som set deg opp mot oss for at vi skal koma i hendene på kaldearane, og så kan dei drepa oss eller føra oss i eksil til Babel.»
4Korkje Johanan, son til Kareah, eller nokon av hærførarane eller nokon av folket ville lyda Herren og bli verande i Juda.
5Dei fór til Egypt, for dei ville ikkje lyda Herren. Så kom dei til Tahpanhes.
Profeti om Nebukadnesars hærferd til Egypt8 Herrens ord kom til Jeremia i Tahpanhes:
9Ta nokre store steinar og grav dei ned i leira på plassen framfor inngangen til faraos hus i Tahpanhes medan nokre judearar ser på.
10Han skal slå sund steinstøttene i Bet-Sjemesj i Egypt og brenna opp templa for gudane i Egypt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.