Salmane 25 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Av David.

Alefא

Herre, eg lyfter mi sjel til deg.

Betב

2 31,2; 71,1 Min Gud, til deg set eg mi lit.

Lat meg ikkje bli til skamme,

lat ikkje fienden fryda seg over meg!

Gimelג

3 6,11+; Rom 9,33; 10,11 For ingen som set si von til deg, skal bli til skamme,

til skamme blir dei trulause, med sine tomme hender.

Daletד

4 27,11 Herre, lat meg kjenna dine vegar.

Lær meg dine stigar!

Heה

5Lat meg få vandra i di sanning,

lær meg, for du er Gud, min frelsar!

Til deg set eg alltid mi von.

Zajinז

6 103,17 Herre, kom i hug di miskunn og din kjærleik,

som er frå evig tid.

Hetח

7 Job 13,26 Kom ikkje i hug min ungdoms feilsteg og synder!

Kom meg i hug i di miskunn, Herre, for du er god.

Tetט

8 5 Mos 32,4 Herren er god og rettvis,

difor viser han syndarar vegen.

Jodי

9 Job 36,22 Han lèt dei hjelpelause ferdast rett

og lærer dei sin veg.

Kafכ

10 103,17f Alle Herrens stigar er miskunn og truskap

mot dei som held hans pakt og hans bod.

Lamedל

11 2 Mos 34,6f For ditt namn skuld, Herre,

tilgjev mi synd, for ho er stor!

Memמ

12 32,8; Jes 48,17 Kvar den som fryktar Herren,

lærer av han den veg han skal velja.

Nunנ

13 37,9.11.22 Sjølv skal han leva i lukke,

og ætta hans skal arva landet.

Samekס

14 Ordt 3,32 Herren talar fortruleg med dei som fryktar han,

han gjer dei kjende med si pakt.

Ajinע

15 31,5; 123,2; 141,9 Mine auge er alltid vende mot Herren,

for han dreg mine føter ut or garnet.

Peפ

16Vend deg til meg og ver meg nådig,

for eg er einsam og hjelpelaus.

Tsadeצ

17 107,28 Ta bort det som tyngjer mitt hjarte,

før meg ut av mine trengsler!

18Sjå mi naud og mitt strev

og tilgjev all mi synd!

Resjר

19 3,2+ Sjå mine fiendar, kor mange dei er!

Dei hatar meg med eit nådelaust hat.

Sjinש

20Vern mitt liv og berg meg,

lat meg ikkje bli til skamme,

for eg søkjer tilflukt hos deg.

Tawת

21Lat uskuld og rettsinn verna meg,

for eg set mi von til deg!

22Gud, fri Israel ut

frå alle deira trengsler!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help