1 Lat dei lysa forbanning over henne,
dei som manar fram ulukkedagar,
dei som kan vekkja Leviatan.
9Lat hennar morgonstjerner slokna,
lat ho venta på lys som ikkje kjem,
og aldri sjå morgonròden slå auga opp!
10For ho stengde ikkje morlivs dører for meg
og løynde ikkje lidinga for auga mine.
11 10,18f; Fork 4,2f Kvifor døydde eg ikkje då eg vart fødd,
anda ut då eg kom frå mors liv?
12Kvifor tok dei meg på fanget,
la meg til brystet for å suga?
13No kunne eg ha lege i ro,
sovna og så fått kvila
14 Jes 14,9ff med kongar og rådgjevarar på jorda,
dei som bygde der det no er ruinar,
15eller med stormenn som hadde gull
og fylte husa sine med sølv.
16 3,11f; 10,18f; Jer 20,17 Då hadde eg ikkje vore til,
lik eit foster som døyr i løynd,
lik eit spedbarn som aldri såg dagens lys.
17I grava har dei urettferdige rasa frå seg,
der kviler dei som har tømt sine krefter.
18Fangar har fred,
dei høyrer ikkje vaktarens rop.
19 21,23–26; Fork 9,2f Der er både små og store,
der er tenaren fri frå herren sin.
20Kvifor gjev dagen lys til den som lid,
og liv til dei ulukkelege,
21 Op 9,6 til dei som ventar fåfengt på døden
og søkjer døden meir enn løynde skattar,
22til dei som glade ville ha jubla
og fryda seg om dei fann ei grav,
23 19,8+ til ein mann som ikkje finn veg
fordi Gud stengjer for han?
24 Sal 42,4; 102,10 Mine sukk har vorte mitt brød,
klageropa mine strøymer som vatn.
25Det eg fryktar mest, er over meg.
Det eg gruar for, kjem no.
26 3,17 Eg får ikkje fred, ikkje ro, ikkje kvile,
så opprørt er eg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.