1 Dette er Jesu Kristi openberring, som Gud gav han så han skulle visa tenarane sine det som snart skal henda. Han sende engelen sin og kunngjorde det for tenaren sin, Johannes.
2Det er han som her vitnar om Guds ord og ber fram Jesu Kristi vitnemål, alt det han har sett.
3Johannes helsar dei sju forsamlingane i Asia: Nåde vere med dykk og fred frå han som er og som var og som kjem, og frå dei sju åndene som står framfor trona hans,
5og har gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud, sin Far, han skal ha æra og makta i all æve. Amen.
7
og kvart auge skal sjå han,
også dei som har gjennomstunge han,
og alle folkeslag på jorda
skal bryta ut i klagerop over han.
Ja, amen!
8 Eg er Alfa og Omega, seier Herren Gud, han som er og som var og som kjem, Den allmektige.
Menneskesonen openberrar seg9 Eg, Johannes, som er bror dykkar og saman med dykk har del i trengslene, i riket og vona i Jesus, eg var på øya Patmos. Dit var eg komen på grunn av Guds ord og vitnemålet om Jesus.
10Røysta sa: «Det du får sjå, skal du skriva ned i ei bok og senda til dei sju forsamlingane: til Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.»
12 I si høgre hand hadde han sju stjerner, og frå munnen hans gjekk det ut eit skarpt, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft.
17 og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nøklane til døden og dødsriket.
19Skriv no ned det du har sett, det som er, og det som heretter skal koma.
201,12.16Dette er løyndomen med dei sju stjernene du såg i mi høgre hand, og dei sju lysestakane av gull: Dei sju stjernene er englane for dei sju forsamlingane, og dei sju lysestakane er dei sju forsamlingane.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.