Salmane 63 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 1 Sam 23,14; 24,1ff Ein salme av David, då han var i Juda-ørkenen.

2 42,3+ Gud, du er min Gud, som eg søkjer.

Mi sjel tørstar etter deg,

min kropp lengtar etter deg

i eit vasslaust, tørt og utarma land.

3 17,15; 27,4 I heilagdomen skoda eg deg,

eg såg di makt og din herlegdom.

4For di miskunn er betre enn livet.

Leppene mine skal syngja din pris.

5 104,33; 146,2 Slik vil eg velsigna deg heile mitt liv

og lyfta hendene i ditt namn.

6 36,9; 65,5 Eg blir metta som med feite retter,

med jublande lepper prisar eg deg.

7Eg tenkjer på deg der eg ligg og kviler,

og grundar på deg gjennom natta.

8 17,8+ For du har vore ei hjelp for meg,

eg jublar i skuggen av dine venger.

9 18,36; Jes 41,10 Eg held fast ved deg,

di høgre hand grip tak i meg.

10 55,16+ Men det går ille med dei

som står meg etter livet,

dei skal fara ned i jordedjupet.

11Dei skal gjevast over til sverdet

og bli til rov for sjakalar.

12 107,42 Men kongen skal gleda seg i Gud.

Alle som sver ved han, kan vera stolte,

for løgnarmunnen blir stoppa.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help