1 Tenk på din skapar i ungdoms år,
før dei vonde dagane kjem,
før dei åra kjem då du må seia:
«Eg har inga glede av dei»,
2før sol og dagslys,
måne og stjerner blir mørke
og skyene kjem att etter regnet.
3 Då skjelv tenarane i huset,
dei sterke mennene blir krokete.
Kvinnene som mel på kverna,
held opp, for dei har vorte så få;
og det mørknar for jentene som ser ut gjennom gluggane.
4 Begge dørene mot gata blir stengde,
og duren frå kverna blir døyvd.
Ein står opp til fuglekvitter,
men alle songens døtrer stilnar.
5 Då ottast ein for kvar bakke,
og farar lurer på vegen.
Mandeltreet blømer,
grashoppa slepar seg fram,
og kapersfrukta brest
medan mennesket går til sin siste bustad;
dei som skal gråta, er alt på gata.
6 Ja, tenk på din skapar
før sølvsnora slitnar og gullskåla brest,
før krukka går sund attmed kjelda
og hjulet brotnar og fell i brønnen,
7 Ord av vismenn er som broddar,
fyndord i samling er som naglar
sette inn av ein gjetar.
12Men elles, son min, ta deg i vare:
Det er ingen ende på dei bøkene som blir skrivne,
og mykje gransking gjer kroppen trøytt.
13 Job 28,28 Dette er summen av alt du har høyrt:
Ottast Gud og hald hans bod!
Dette er det som alle menneske har fått.
14 11,9; 2 Kor 5,10 For Gud skal dømma kvar gjerning,
halda dom over alt som er løynt,
anten det er godt eller vondt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.