Dommarane 12 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Jefta kjempar mot Efraim

1 Så samla Jefta alle mennene i Gilead til strid mot Efraim. Og Gilead-mennene hogg efraimittane ned; for dei hadde sagt: «De er flyktningar frå Efraim, de Gilead-folk, midt mellom folk frå Efraim og folk frå Manasse.»

5 sa dei til han: «Sei sjibbolet!» Sa han då «sibbolet», fordi han ikkje kunne uttala ordet rett, greip dei han og drap han der ved vadestadene over Jordan. Den gongen fall det førtito tusen mann av Efraim.

7Jefta frå Gilead var dommar i Israel i seks år. Så døydde han og vart gravlagd i heimbyen sin i Gilead.

Andre dommarar

8 Etter Jefta var Ibsan frå Betlehem dommar i Israel.

9Han hadde tretti søner. Tretti døtrer gifte han bort, og tretti svigerdøtrer henta han heim. Han styrte Israel i sju år.

10Så døydde Ibsan og vart gravlagd i Betlehem.

11Etter han vart Elon frå Sebulon dommar i Israel. Han styrte Israel i ti år.

12Så døydde Elon og vart gravlagd i Ajjalon i Sebulon-landet.

13Etter han vart Abdon, son til Hillel frå Piraton, dommar i Israel.

14Han hadde førti søner og tretti sonesøner. Dei reid på sytti esel. Han styrte Israel i åtte år.

15Så døydde Abdon, son til Hillel frå Piraton, og vart gravlagd i Piraton i Efraim-landet, på amalekittfjellet.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help