1 Salomo følgde Astarte, gudinna til sidonarane, og Milkom, den motbydelege guden til ammonittane.
6Og han gjorde det som var vondt i Herrens auge, og følgde ikkje Herren fullt og heilt slik far hans, David, hadde gjort.
7Så reiste Herren opp ein motstandar for Salomo. Det var edomitten Hadad, som høyrde kongsætta i Edom til.
15Gud reiste opp endå ein motstandar mot Salomo. Det var Reson, son til Eljada. Han hadde rømt frå Hadadeser, herren sin, kongen i Soba.
24Reson samla folk omkring seg og vart hovding for ein røvarflokk. Den gongen David drap mange av dei, drog dei til Damaskus. Dei slo seg ned der og gjorde seg til herrar i byen.
25Reson var Israels motstandar så lenge Salomo levde. Både han og Hadad valda Israel skade. Han var konge over Aram og hata Israel.
Jeroboam gjer opprør26 Og slik gjekk det til då Jeroboam lyfte handa si mot kongen: Salomo heldt på og bygde Millo og tetta den opninga i muren kring byen som bar namn etter David, far hans.
28No var Jeroboam ein dugande kar, og då Salomo såg at ungguten gjorde godt arbeid, sette han Jeroboam til å ha tilsyn med alt pliktarbeidet som Josefs hus laut gjera.
29 Det gjer eg fordi dei har vendt seg frå meg og tilbede Astarte, gudinna til sidonarane, Kemosj, guden til moabittane, og Milkom, guden til ammonittane. Dei har ikkje gått på mine vegar og har ikkje gjort det som rett er i mine auge. Dei har ikkje halde forskriftene og lovene mine som far hans, David, gjorde.
342 Sam 7,12; Sal 132,11Likevel vil eg ikkje ta noko av riket frå han sjølv; eg lèt han få vera fyrste så lenge han lever, for min tenar Davids skuld, han som eg valde ut, og som heldt seg til boda og forskriftene mine.
35Eg vil ta riket ut av hendene på son hans og gje dei ti stammane til deg.
3615,4; 2 Kong 8,19; 2 Krøn 21,7Men éin stamme vil eg gje son hans, for at David, tenaren min, alltid skal ha ei lampe for mitt andlet i Jerusalem, den byen eg har valt ut til bustad for namnet mitt.
37Deg lèt eg rå over alt det du ønskjer; du skal vera konge over Israel.
38Og høyrer du på alt det eg seier deg, går du på mine vegar og gjer det som er rett i mine auge, held du forskriftene og boda mine, som David, tenaren min, gjorde, så skal eg vera med deg og byggja deg eit hus som blir ståande, så som eg gjorde for David, og eg skal gje deg Israel.
39Davids-ætta vil eg audmjuka for det som er gjort, men ikkje for all framtid.
40 14,25ff Salomo freista no å drepa Jeroboam. Men Jeroboam braut opp og rømde til Egypt, til Sjisjak, som var konge der. Og han vart verande i Egypt til Salomo var død.
Salomo døyr41 2 Krøn 9,29ff Det som elles er å seia om Salomo, om alt det han utretta, og om visdomen hans, det står skrive i krønikeboka til Salomo.
42I førti år var Salomo konge i Jerusalem og rådde over heile Israel.
43Så gjekk Salomo til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i byen til David, far sin. Rehabeam, son hans, vart konge etter han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.