Salmane 120 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Ein song til festreisene.

Eg ropa til Herren i mi naud,

og han svara meg.

2 Herre, berg meg frå lepper som lyg,

frå tunger fulle av svik!

3Kva skal han gje deg, du svikefulle tunge,

kva meir skal han la deg få?

4 Stridsmannens kvasse piler

og brennande kol frå gyvelbusken!

5 Ve meg! Eg er innflyttar i Mesjek,

eg bur mellom Kedars telt!

6Altfor lenge har eg budd

mellom folk som hatar fred.

7Eg er fred,

men om eg talar,

går dei til krig.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help