Salmane 11 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1Til korleiaren. Ein salme av David.

Hos Herren søkjer eg tilflukt.

Korleis kan de seia til meg:

«Fly opp i fjellet som ein fugl!

2 64,4f For sjå, dei lovlause spenner bogen

og legg si pil på strengen;

i mørkret vil dei skyta på dei ærlege av hjartet.

3Når grunnvollane blir rivne bort,

kva kan den rettferdige gjera?»

4 9,8+ Herren er i sitt heilage tempel,

Herren har si trone i himmelen.

Auga hans ser,

han prøver menneska med sitt blikk.

5 5,5 Herren prøver rettferdige og urettferdige,

han hatar dei som elskar vald.

6 1 Mos 19,24; 5 Mos 29,23; Esek 38,22; Am 4,11; Luk 17,29 Over dei urettferdige lèt han det regna gloande kol og svovel,

gloheit vind får dei i sitt beger.

7 17,15 Rettferdig er Herren,

han elskar rettferdige gjerningar.

Dei ærlege får sjå hans andlet.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help