1 Kvar skulle eg gå frå din pust,
kvar kunne eg rømma frå ditt andlet?
8 Tek eg soloppgangens venger
og slår meg ned der havet endar,
10då fører di hand meg jamvel der,
di høgre hand held meg fast.
11 For du har skapt mine nyrer,
du har vove meg i mors liv.
14Eg takkar deg for at eg er så underfullt laga.
Underfulle er dine verk, det veit eg godt.
15 Knoklane mine var ikkje skjulte for deg
då eg vart laga i løynd og voven djupt i jorda.
16Auga dine såg meg då eg var eit foster.
Alle dagar er skrivne opp i di bok,
dei fekk form før éin av dei var komen.
17 40,6+ Dine tankar, Gud, er dyrebare for meg,
summen av dei er ufatteleg!
18Tel eg dei, er dei tallause som sand,
blir eg ferdig, er eg enno hos deg.
19Gud, om du ville drepa den lovlause,
om drapsmennene veik frå meg!
20Dei talar svikefullt om deg,
fiendane dine sver falskt.
21 Herre, eg hatar dei som hatar deg,
og avskyr dei som står deg imot!
22Eg hatar dei med eit grenselaust hat,
dei har vorte mine fiendar.
23Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarte,
prøv meg og kjenn mine tankar!
24 5,9+ Sjå om eg følgjer avgudsveg,
og lei meg på den evige vegen!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.