Esekiel 21 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Skogen skal brenna

1 Herrens ord kom til meg:

2Menneske, vend deg i retning Teman, spå mot sør og tal profetord mot skoglandet i Negev!

3

16Sverdet vart gjeve til sliping

og lagt i handa.

Det vart kvesst og slipt

og gjeve til den som skal drepa.

17 Skrik og hyl, du menneske!

For sverdet råkar mitt folk

og alle Israels fyrstar.

Dei er overlatne til sverdet

saman med mitt folk.

Difor skal du slå deg på låret.

18For dette er prøva.

Kva om du òg har forakta herskarstaven?

Det skal ikkje henda,

seier Herren Gud.

19Du menneske, tal profetord

og slå i hop hendene!

To og tre gonger skal sverdet råka.

Det er eit sverd som drep mange,

eit veldig drapssverd

som trengjer djupt inn,

20så hjartet skal skjelva

og mange skal snubla.

Eg set eit slaktesverd

ved alle portane deira.

Ve! Det er laga for å lyna,

slipt for å slakta.

21Bit kvast til høgre

og hogg til venstre,

kvar du så blir vend.

22 ved vegkryssa, så sverdet kan fara til Rabba i ammonittlandet og til Juda, som har Jerusalem til festningsby.

26 Attmed vegskiljet der dei to vegane byrjar, har Babel-kongen stilt seg opp for å ta varsel. Han kastar lodd med piler, søkjer råd hos terafar og granskar levra frå offerdyr.

27I høgre handa har han varselet for Jerusalem. Der skal han reisa rambukkar, opna munnen i kampskrik og lyfta røysta til krigsrop. Han skal stilla opp rambukkar mot portane, kasta opp ein voll og byggja skansar.

28 Jer 7,4; Mi 3,11 I folks auge er dette eit tomt varsel, endå dei har eid på det. Dette minner dei om skulda som fører til fangenskap.

29Difor, så seier Herren Gud: De minner dykk sjølve om dykkar skuld når brota dykkar blir openberre så synda viser seg i alt de gjer. Fordi de er minte om det, skal de takast til fange.

30Og du, din gudlause brotsmann, Israels fyrste! Dagen er komen, tida for di endelege straff.

31Jer 13,18; Esek 17,24Så seier Herren Gud: Bort med turbanen, av med krona! Ikkje noko skal vera som det var! Gjer det låge høgt og det høge lågt!

321 Mos 49,10Ruin, ruin, ruin gjer eg det til. Heller ikkje dette skjer før han kjem, han som eg har overlate dommen til.

33 25,1ff Du menneske, tal profetord og sei: Så seier Herren Gud om ammonittane og deira spott:

Sverd! Sverd! Trekt for å slakta,

slipt for å sluka og lyna.

34 Jer 27,3.9 Medan du får tomme syn

og varsel som er løgn,

skal det rettast mot halsen

på gudlause brotsmenn.

Dagen er komen,

tida for den endelege straffa.

35Stikk sverdet i slira!

På staden der du vart skapt,

i landet du stammar frå,

der vil eg dømma deg.

36Eg auser ut min harme over deg

og blæs min vreideeld mot deg.

Eg gjev deg over til ilskne menneske,

meistrar i øydelegging.

37Du skal bli til føde for elden,

blodet ditt skal renna midt i landet,

og ingen skal minnast deg meir.

For eg, Herren, har tala.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help