1 Septer skal ikkje vika frå Juda
eller herskarstav frå føtene hans
til eigaren kjem,
han som folka skal lyda.
11Han bind eselet i vinstokken,
eselfolen i den edle ranka.
Han vaskar kleda sine i vin,
kjortelen i drueblod.
12Auga hans er mørkare enn vin,
tennene kvitare enn mjølk.
13 Dan skal dømma sitt folk
som ein av Israels stammar.
17Dan skal vera ein slange ved vegen,
ein giftig orm på stigen.
Han høgg hesten i hælane
så ryttaren ryk på ryggen.
18– Eg ventar på di frelse, Herre.
19 Gad blir herja av røvarflokkar,
men går sjølv til åtak og forfølgjer dei.
20 Naftali er ei hind som spring fritt;
han talar vakre ord.
22Josef er eit ungt frukttre,
eit ungt frukttre ved kjelda;
greinene kliv opp etter muren.
23Bogeskyttarane gjer han bitter,
dei skyt på han og strider mot han.
24 Men bogen hans er stø,
armar og hender er leduge
takka vere Jakobs Mektige,
han som er gjetaren, Israels Fjell,
25 Gud til far din, han som hjelper deg,
Den veldige, han som velsignar deg
med signing frå himmelen der oppe,
med signing frå djupet der nede,
med signing frå bryst og morsliv.
26Velsigningane frå far din er rikare
enn velsigningane frå dei evige fjella,
enn herlegdomen til dei eldgamle høgdene.
Lat dei koma over Josefs hovud,
over issen på han
som er fyrste blant brørne sine!
27 Dom 20,25 Benjamin er ein jagande ulv.
Om morgonen et han rovet,
om kvelden deler han byttet.
28Dette er alle Israels stammar, tolv i talet, og dette sa far deira til dei. Han velsigna dei og gav kvar av dei si eiga velsigning.
Jakob døyr og blir gravlagd29 23,16ff+ Jakob gav dei dette påbodet: «No skal eg bli sameina med folket mitt. Gravlegg meg då hos fedrane mine i hòla på marka til hetitten Efron!
30Det er den hòla som er på Makpela-marka, austafor Mamre i Kanaan, det jordstykket som Abraham kjøpte av hetitten Efron for å ha til gravstad.
3123,19; 25,9; 35,29Der gravla dei Abraham og Sara, kona hans; der gravla dei Isak og Rebekka, kona hans; og der gravla eg Lea.
32Marka og hòla der er kjøpte frå hetittane.»
33Då Jakob hadde gjeve sønene sine dette påbodet, drog han føtene opp i senga. Så anda han ut og vart sameina med folket sitt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.